Olpe er ein by og ein kommune aust i forbundslandet Nordrhein-Westfalen i Tyskland. Byen, som ligg 307 meter over havet i landskapet Sauerland, hyser administrasjonen for Landkreis Olpe. Kommunen dekker 85,9 km² og har drygt 24 000 ibuarar. Olpe ligg om lag 60 kilometer aust for Köln, og 20 kilometer nord for Siegen.
Olpe fekk byrettar i 1311.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Olpe» frå , den 16. mars 2025.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Byar i Nordrhein-Westfalen