Jan Petter Rasmussen () er ein norsk politikar frå Eigersund. Han var ordførar i Eigersund kommune 1990–1996, og representerte Rogaland og Arbeidarpartiet på Stortinget 1997–2001.

Politisk karriere Rasmussen var medlem av kommunestyret i Eigersund frå 1980 til 1996, dei siste seks åra var han ordførar i kommunen. 15. mars 1996 vart han utnemnd til statssekretær i Fiskeridepartementet, same året frå 1. november hadde han lik stilling i Kommunal- og arbeidsdepartementet. Stortingsvalet 1997 sikra han fast sete i stortinget, der han dei neste fire åra var medlem i Justiskomitéen. Han mista stortingsplassen i 2001, var 1. vararepresentant perioden mellom 2001 og 2005.

Kjelder

Kategori:Stortingsrepresentantar 1997-2001 Kategori:Folk frå Eigersund