mini|Felleaggregatet på ei skogsmaskin. Fellar, òg kalla fellar-leggar, er ei skogsmaskin som feller tre og legg dei på marka. Fellinga vert utført av eit felleapparat festa på ei lang arm, ikkje så ulik ei tømmerkranJ. Chiefari, Logging machines in the forest, Dodd, Mean & Company, 1985.. Felleapparatet grip rundt stammen på treet og kuttar det av ved rota ved hjelp av ei hydraulisk driven sagkjede. Sagkjeda er av same type som på ei motorsag, men ho er mykje kraftigare dimensjonert og skjer snøgt gjennom stammen. Då desse maskinane var i bruk arbeidde dei saman med ein kvistar som kom etter og kvista tømmeret. Desse maskinane har no langt på veg gått ut av bruk og er erstatta med maskinar som både feller og kvistar tømmeret, sokalla fellar-kvistarar.
Referansar
Kategori:Skogsmaskinar