Åge Konradsen () er ein norsk lærar og politikar frå Lenvik i Troms. Han var stortingsrepresentant for Høgre frå 2001 til 2005, vald frå Troms.

Konradsen er utdanna ved lærarskulen i Alta. Han underviste i grunnskule, før han fekk jobb ved arbeidskontoret i Midt-Troms. I 1991 vart han vald inn i Lenvik kommunestyre. Frå 1995 var han ordførar i Lenvik 1995 til hausten 2001. Der etter representerte han Høgre i Stortinget 2001-05, sat då som medlem i Forsvarskomiteen. Han vart vraka til fordel for Elisabeth Aspaker då Troms Høgre nominerte kandidatar for ein ny stortingsperiode.

Konradsen tok til att som lærar, busette seg på Silsand i Senja. Han var medlem i kommunestyret til 2015.

Kjelder stortinget.no

Kategori:Stortingsrepresentantar 2001-2005 Kategori:Folk frå Lenvik