mini|Traktoren som Froelich bygde i 1892. John Froehlich frå Iowa er kjend av di han, saman med Wilbur Mann, konstruerte ein av dei fyrste traktorane med stempelmotorar med innvendig forbrenning. Charter Gas Engine Co. bygde ein liknande framtoning tre år tidlegare, så Froehlich var ikkje den fyrste. Før John Froehlich bygde sin eigen traktor hadde han nytta ein damptraktor for å driva eit treskjeverk på prærien, men det var ofte vanskeleg å få tak i kol ute på prærien. Ei anna ulempe med dampdrift var at greistar kunne setta fyr på halmen og om det var vind kunne ein brann spre seg svært snøgt. Froehlich tok difor til å tenkja på å nytta ein bensinmotor for å driva treskjeverket.
Motoren i traktoren til Froehlich var ein 1-sylindra van Duzen stasjonærmotor med eit slagvolum på over 35 literFroelich, John, The biographical dictionary of Iowa.. Effekten skal ha vore rundt 20 hkR.W. Sanders, Ultimate John Deere - The history of the big green machines, Voyageur Press, 2001.. Drivverket var henta frå ein Robinson & Auden lokomobil, men Froelich skal ha laga noko av transmisjonen sjølv. Traktoren var ikkje brukbar for å pløya med, men som sjølvkøyrande stasjonærmotor fungerte han.
I 1893 var John Froelich med på å stifta «Waterloo Gasoline Traction Engine Company», som skulle produsere og marknadsføre traktoren. Det viste seg vanskelig å selja traktoren og berre eit par traktorar vart laga før føretaker gjekk over til å produsere stasjonærmotorar. Namnet vart då endra til Waterloo Gas Engine Company.
Referansar
Kategori:Tidlegare traktorprodusentar