Gisèle Pelicot (fransk: [ʒizɛl peliko]; () er ei fransk kvinne som vart uvitande dopa og valdteken av ektemannen sin, Dominique Pelicot, ved fleire høve gjennom ein niårsperiode mellom 2011 og 2020. Dominique inviterte òg til saman 72 menn, som han hadde kome i kontakt med via ei nettside, til å valdtaka henne medan ho var medvitslaus, for det meste i paret sitt eige heim i Mazan. Gisèle fekk fyrst kjennskap til overgrepa i 2020, då Dominique vart arrestert for å ha filma opp under skjørta til kvinner i ein lokal daglegvarebutikk. Ei politietterforsking av datamaskinutstyret hans avdekte bilete av henne medan ho vart valdteken.
Då Dominique og femti andre menn vart stilte for retten i Avignon i 2024, tiltalt for grov valdtekt, valdtektsforsøk og seksuelle overgrep, fråvike Gisèle retten sin til anonymitet og kravde ein open rettssak. Rettssaka fekk verdsomspennande merksemd, og Gisèle si mot og vilje til å stå fram på vegner av alle valdtektsoffer skapte stor internasjonal støtte og beundring. Ho vart eit feministikon og vart teken med på BBC si liste over dei 100 viktigaste kvinnene i 2024, i tillegg til Financial Times si liste over dei 25 mest innverknadsrike kvinnene same året.
I desember 2024 vart 50 av dei 51 tiltalte dømde for valdtekt, valdtektsforsøk og seksuelle overgrep mot Gisèle. Den siste mannen, som ikkje var tiltalt for valdtekt av Gisèle, vart dømd for å ha valdteke si eiga kone. Dominique fekk den strengaste straffa på 20 år i fengsel, medan dei andre dømde fekk dommar på mellom 3 og 15 år.
Bakgrunn Gisèle Pelicot vart fødd 7. desember 1952 i byen Villingen i det sørlege Vest-Tyskland. Faren hennar var ein fransk soldat. Då ho var fem år gamal, flytta familien til Frankrike, og då ho var ni, døydde mora av kreft. I 1971 møtte ho Dominique Pelicot, som ho gifta seg med i april 1973. Dei slo seg ned i forstaden Villiers-sur-Marne utanfor Paris og fekk to barn tidleg i ekteskapet: sonen David og dottera Caroline. Seinare fekk dei ein tredje son, Florian, fødd i 1986. Gisèle arbeidde i administrasjonen til det statlege elektrisitetsselskapet, medan Dominique jobba som elektrikar og eigedomsmeklar. Han starta fleire verksemder, men alle mislukkast. På midten av 1980-talet hadde Gisèle eit treårig forhold til ein kollega. Då Dominique oppdaga dette, flytta han saman med ei anna kvinne i nokre månader før han og Gisèle vart forsona. Dominique vart seinare knytt til overgrep mot kvinner på 1990-talet. Han innrømde eit åtak på ei ung eigedomsmeklar i 1999, men nekta for å ha valdteke og drepe ei anna ung meklar i 1991. Paret skilde seg i 2001 av økonomiske årsaker, men heldt fram med å bu saman og gifta seg på nytt i 2007. I 2010 vart Dominique teken for å ha filma opp under skjørta til kvinner i ein butikk nær Paris og fekk ei bot på 100 euro for å unngå rettssak. Gisèle visste ikkje om hendinga.
Etter at dei gjekk av med pensjon i 2013, flytta dei til Mazan i Sør-Frankrike, der dei leigde eit hus med hage og symjebasseng. Gisèle vart med i eit kor, medan Dominique spelte tennis og dreiv mykje med sykling.
Overgrepa og oppdaginga Medan paret framleis budde nær Paris, fekk Gisèle utskriven Temesta (lorazepam), eit benzodiazepin. Dominique nytta sjansen til å valdtaka henne medan ho sov. Etter kvart byrja han å blande sovemedisin frå sin eigen lege i maten og drikken hennar for å gjera ho heilt medvitslaus.
Etter flyttinga til Mazan byrja Dominique å invitere menn frå internett til å valdtaka Gisèle medan ho var dopa. Ho opplevde minnetap og frykta at ho hadde Alzheimers sjukdom eller hjernesvulst, men alle testar kom tilbake negative. På eit tidspunkt spurde ho Dominique direkte om han dopa henne, men han nekta, og ho trudde han.
I september 2020 vart Dominique arrestert for å ha filma kvinner i ein butikk. Politiet fann bilete av Gisèle medan ho vart valdteken av ektemannen og minst 83 andre menn. Ho vart kalla inn til politiet 2. november 2020 og fekk sjå bileta: «Alt rasa saman, alt eg hadde bygd opp i 50 år.» Dominique vart fengsla, men i perioden mellom arrestasjonen i september og varetektsfengslinga i november heldt han fram med å invitere menn til å valdtaka henne. Gisèle flytta ut og søkte skilsmisse, som vart endeleg rett før rettssaka.
Rettssaka Rettssaka starta i Avignon i september 2024. Gisèle insisterte på at ho ville ha ein open rettssak for å kaste lys over valdtekt med kjemisk undertrykking. Ho fekk òg gjennomslag for at publikum skulle få sjå videoane av overgrepa, sjølv om retten først ville vise dei bak lukka dører. «Skamma er deira», sa ho om dei tiltalte. «Eg er heldig som har bevis. Eg har beviset, noko som er veldig sjeldan. Så, eg må gå gjennom [alt dette] for å stå med offera», har ho sagt i videoa. Når ho blir skildra som modig, sa ho: «Eg seier det ikkje er mot, det er vilje og bestemtheit på å endre samfunnet».
Den 19. desember 2024 vart Dominique dømd for grov valdtekt og fekk 20 års fengsel. 49 andre fekk dommar på mellom 3 og 15 år. Ein mann vart dømd for å ha valdteke si eiga kone saman med Dominique, men ikkje for å gjort noko med Gisèle. 17 av dei dømde anka, men ikkje Dominique. Etter dommen sa Gisèle: Eg ville at samfunnet skulle få sjå kva som verkeleg skjer, og eg har aldri angra på den avgjerda. Anerkjenning og påverknad
Gisèle si haldning under rettssaka førte til enorm støtte. Folk applauderte henne utanfor retten kvar dag, og bilete av henne dukka opp i gatekunst. Ho fekk brev frå heile verda, inkludert frå dronning Camilla av Storbritannia. Ein australsk organisasjon for eldre kvinner sende henne eit skjerf laga av aboriginar-kvinner, som ho ofte bar i retten. Demonstrasjonar vart haldne til støtte for ho, og ho vart eit feministikon. Gisèle vart inkludert på BBC si liste over 100 viktige kvinner i 2024 og Financial Times si liste over dei 25 mest innverknadsrike kvinnene same året. Etter rettsaka takka supportarane Gisèle for motet hennar og feira dommen eksmannen Dominique fekk. Den franske presidenten Emmanuel Macron takka henne for «verdigheit og mot», og ho fekk hyllest frå mellom anna den tyske kanslaren Olaf Scholz og den spanske statsministeren Pedro Sánchez. Den 20. desember, dagen etter domfellingane, dukka Gisèle på forsidene i avisene rondo om i Europa. På samme dato, sat den britiske journalisten Catherine Mayer opp ei kampanje for å gje Gisèle Nobels fredspris.
Den 2. januar 2025 vart ho kåra til “Årets person” i ei fransk meiningsmåling, like føre Donald Trump.
Ho vart òg teken med på Time si liste over “Women of the Year” i 2025.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Gisèle Pelicot» frå , den 21. mars 2025.
Kategori:Offer for kriminalitet Kategori:Seksuallovbrot Kategori:Folk frå Avignon