Dr. Strangely Strange er ei irsk eksperimentell folkemusikkgruppe som blei skipa i Dublin i 1967 av Tim Booth (fødd 6. september 1943 i County Kildare), vokal og gitar, og Ivan Pawle (fødd 17. august 1943 i England), bass og keyboard.
Karriere Etter å ha spelt ein fyrste konsert på Trinity College i 1967 med gitaristen Humphrey Weightman, og nokre konsertar i 1968 med klaverspelaren og vokalisten Brian Trench, samarbeidde Booth og Pawle med multi-instrumentalisten Tim Goulding (fødd 15. mai 1945 i Dublin), på vokal, blokkfløyte og keyboard, som på den tida søkte ein karriere som måler. Goulding og Pawle budde og øvde i eit hus i Lower Mount Street som var leia av kjærasten til Goulding, «Orphan Annie» Mohan, som leigebuarane kalla «The Orphanage». Tim Booth budde seinare i eit anna «Orphanage» i Sandymount i Dublin. Dei to bustadane blei eit springbrett for ein ny generasjon av irsk rock, og hjelpte til med å lansera karrieren til Phil Lynott, Gary Moore og andre medlemmar av Thin Lizzy. Perkusjonisten og vokalisten Caroline «Linus» Greville kom med i bandet i to korte periodar i 1968 og 1969. Gary Moore gjekk ofte på live-show på denne tida, før han blei med i Skid Row, og spelte ulike instrument i gruppa. Etter å ha skrive kontrakt med produsenten og manageren til Incredible String Band, Joe Boyd, debuterte Dr Strangely Strange i 1969 med Kip of the Serenes. Albumet var produsert av Boyd. Seinare same året var Pawle gjest på Incredible String Band sitt album Changing Horses. Linus blei beden om å forlata gruppa for å kutta på turnékostnadane i slutten av 1969, etter nokre tidlege innspelingar for det neste albumet. Gruppa blei populær på britiske college, og turnerte over heile Storbritannia.
Det andre albumet Heavy Petting kom ut i september 1970, og hadde med Dave Mattacks på trommer og Gary Moore på gitar. Sommaren 1970 rekrutterte dei trommeslagaren Neil Hopwood på ein konsert i Burton-on-Trent. Tidleg i 1971 forlet Goulding gruppa for å studera buddhisme på Samye Ling-klosteret i Skottland og så halda fram med karrieren sin som målar. Pawle og Booth samarbeidde med Gay Woods og Terry Woods om ein seks veker lang europeisk turné, men Dr Strangely Strange var i ferd med å gå i oppløysing. Gruppa blei oppløyst i mai 1971, etter at ho hadde hatt ein konsert med Al Stewart på Drury Lane Theatre i London. Booth og Pawle følte at kombinasjonen ikkje fungerte, og det var spenning i bandet.
Tim Booth, Ivan Pawle og Tim Goulding kom saman att i 1972 for ein irsk turné. Tim Booth leidde ei ny bandsamansetjing i 1973. Booth, Goulding og Ivan Pawle skipa gruppa att på byrjinga av 1980-talet, i lag med fiolinist og mandolinisten Joe Thoma. Gruppa har halde fram med denne samansetjing sidan, sjølv om ho berre har opptredd no og då.
Ei bok om dei stortida til bandet, Dr Strangely Strange - Fitting Pieces To The Jigsaw av Adrian Whittaker, blei gjeven ut i 2019, med omfattande bidrag frå Pawle, Booth og Goulding.
Diskografi
Kip of the Serenes (Island Records, 1969) (gjenutgjeven med bonusspor i 2009 på Hux Records) Heavy Petting (Vertigo Records, 1970) (gjenutgjeven med bonusspor i 2011 på Hux Records) Alternative Medicine (Big Beat Records, 1997) Halcyon Days (Hux Records, 2007) Radio Sessions (Think Like A Key Records, 2022) Anti-Inflammatory (Think Like A Key Records, 2025)
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Dr. Strangely Strange» frå , den 23. mars 2025.
Bakgrunnsstoff
Discography at Discogs.com Adrian Whittaker's Dr. Strangely Strange Page Band History at Irishrock.org Gay Woods' Reminiscence
Kategori:Psykedeliske folkemusikkgrupper Kategori:Musikkgrupper skipa i 1967