Nana Ioseliani () er ein georgisk sjakkspelar. Ho blei tildelt tittelen stormeister i 1980 og internasjonal meister i 1993.

Biografi Allereie i 1978 fekk Ioseliani vere med på det sovjetiske kvinnelandslaget som skulle spele i i Buenos Aires. Heile laget bestod av georgiske spelarar, og sovjetiske tenestemenn bytta ut Ioseliani, som var den yngste, med ein russiskfødd spelar. Ioseliani var med på det sovjetiske laget under og . Seinare blei ho med på det georgiske laget under og igjen i og . Laget hennar vann gull alle fem gongane. Ho deltok også i dei tre neste olympiadane, og Georgia enda på høvesvise 3., 2. og 4. plass. Hennar individuelle poengsum var 65 poeng av 88 kampar.

I 1979 og i 1980 vann Ioseliani i klassen for jenter under . Ho har vunne kandidatturneringa to gongar, og kvalifisert seg til å spele i verdsmeisterskapen i sjakk for kvinner. I 1988 utfordra ho den dåverande verdsmeisteren Maja Tsjiburdanidze, men tapte 8½ mot 9½. I 1993 spelte ho mot , men tapte 2½ mot 8½.

Ioseliani har vunne den fire gongar. Ioseliani har også spelt for Georgia i i 1997, og scora 1½/7 på brett 2.

Sidan 2003 har Ioseliani tatt pause frå sjakkspelinga, og er gründer i Praha.

I 2021 dukka Ioseliani opp i dokumentaren Glory to the Queen saman med , Nona Gaprindashvili og Maja Tsjiburdanidze.

Merknadar

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Nana Ioseliani» frå , den 28. mars 2025.

Kategori:Georgiske sjakkspelarar Kategori:Stormeistrar i sjakk Kategori:Sjakkolympiadedeltakarar Kategori:Folk frå Tbilisi