Knut Eriksson Standal () var ein gardbrukar og jekteskipper frå Ytre-Standal i Hjørundfjord.

Knut var frå Jakobgarden i Ytre-Standal. Han var tidleg med faren på handelsferder til Trondheim. Knut hadde jekt, "men ho var lita: 'Han Lissje-Standal-Knut me si lissjele jakt for nord igjønå leidine". "Knut var like til Lofoten på ferdene sine og gjorde det godt, men tykte jakta var for lita.Hjørundfjordboka. Gard og ætt 5, side 491f. I januar 1838 var han på veg med jekta Anne Martine til Lofoten med "Salt m.m". Knut kjøpte ei større jekt, "men var då stendig ute for uhell.

Knut var gift 1827 med Ingeborg Marie Eliassdotter Rekkedal. "Det er sagt at dei skulle ha 13 born, men nokre døde like etter fødselen".

Kjelder

Romsdals Amtstidende 13. januar 1838

Kategori:Norske gardbrukarar frå 1800-talet Kategori:Norske skipsførarar Kategori:Folk frå Ørsta