Waco er ein by i delstaten Texas i USA med 145 000 ibuarar. Byen er fylkessete for McLennan County. Waco ligg midtvegs mellom Dallas i nord og Austin i sør, drygt 150 kilometer frå begge byane.
Waco by vart grunnlagd i 1849. Lenge var byen eit senter i kvegavlen.
Byen vart i 1953 råka av ein tornado som tok livet av 114 menneske.
Waco er også kjent for fleire valdelege hendingar. Ein neger vart lynsja i 1916, og gjennom mellomkrigsåra var staden eit senter for Ku-Klux-Klan-rørsla. Våren 1993 omkom 76 medlemer av ei sekt i ein brann, etter å ha vore i konflikt med styresmaktene i Waco.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Waco, Texas» frå , den 21. april 2025.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Byar i Texas Kategori:Skipingar i 1849