Sebastian Barthold () er ein norsk handballspelar frå Bærum. Han er sidan 2017 aktiv i Aalborg HB. Barthold er venstrekant.
Karriere Klubbspel Barthold var aktiv i Haslum HK fram til 2017. Her var han med på å vinne tre kongepokalar og like mange seriemeisterskap. Frå 2017 har han gjort teneste i den danske toppklubben Aalborg. Med Aalborg har han vunne ein cupfinale og fire seriemeisterskap. I 2021 spelte han EHF-meisterligafinale mot FC Barcelona, ein kamp som enda med tap.
Landslagsspel Barthold debuterte 3. april 2012 mot Island. Per 15. mars 2025 hadde han delteke i 104 av Noregs landskampar og skåra 268 mål.
Merittar Noregsmeister: 2010, 2011 og 2016 for Haslum HK Norsk seriemeister: 2011, 2012 og 2014 for Haslum HK Dansk cupmeister: 2018 for Aalborg Dansk seriemeister: 2019, 2020, 2021 og 2024 for Aalborg
Kjelder handball.no
Kategori:Norske handballspelarar