mini|A club of Gentlemen, måleri av Joseph Highmore, ca. 1730. mini|Tampereen Suomalainen Klubi i 2003.
Ein klubb er ein organisasjon av menneske som er sameinte av felles interesser, mål eller anna tilhøyre. Det finst klubbar vigde til hobbyar og idrettar, sosiale aktivitetar, politiske og religiøse klubbar og så vidare.
Historie Klubbvesenet stammar frå England på 1700-talet, og har særleg vunne innpas i den engelsktalande verda.Borgerskab og fællesskab af Juliane Engelhardt fra HistoriskTidsskrift.dk
I Frankrike og andre romanske land har politiske klubbar hatt ei viktig rolle, som Jakobinarklubben under Den franske revolusjonen.
I Danmark oppstod det eit klubbvesen etter engelsk mønster kring 1770. Peter Andreas Heiberg skreiv si Indtogsvise til ein klubb.Inge Bundsgaard, Søren Friis Hansen: forening i Den Store Danske, Gyldendal. Hentet 12. februar 2017 fra http://denstoredanske.dk/index.php?sideId=78181 Det Norske Selskab var ein norsk studentklubb skipa i 1772.
Klubbtypar
Hobbyklubb Hobbyar blir praktiserte for interesse og oppleving, snarare enn finansiell påskjønning. Døme omfattar science fiction-klubbar, modelljernbane, samling, kreative og kunstnariske syslar, sport og vaksenopplæring.
Personleg klubb Personlege klubbar liknar hobbyklubbar. Desse klubbane blir drivne av nokre få nære vennar eller familiemedlemmer for å gjera noko dei liker å gjera saman.
Hemmeleg klubb Ein hemmeleg klubb er ein klubb eller ein organisasjon med skjulte aktivitetar, arrangement, indre funksjonar eller medlemskapar. Klubben kan, men treng ikkje prøva å skjula eksistensen sin. Nemninga ekskluderer vanlegvis etterretningsorganisasjonar eller geriljaer som skjuler aktivitetane og medlemskapane sine men har eit offentleg nærvær.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Klubb» frå , og «Klub» frå den 29. april 2025.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Organisasjonar