Ketil Marthon Sævereide () er ein norsk tidlegare handballspelar frå Stavanger som vart noregsmeister 1985 og trefaldig seriemeister med Stavanger Idrettsforening. Han spelte høgrekant.

Karriere Klubbspel Sævereide spelte på Stavanger IF sitt handballag frå 1978 til ut 1989. Siste halvdelen av 1980-åra var laget eit av dei aller beste i Noreg. 14. desember 1985 vann SIF over SK Rapp i cupfinalen. Deretter sikra Sævereide og Stavanger IF seg fyrsteplassen i 1. divisjon i 1986 og på ny i 1987 og 1989. 1990-92 var han Viking HK-spelar og 1993-97 aktiv i Sola Idrettslag sitt lag på nivå 2.

Landslagsspel Sævereide deltok i 63 landskampar i tida frå 6. mai 1980 til 26. februar 1987. Han debuterte med tap mot Sveits og avslutta med tap mot Romania under B-VM 1987 i Merano. 6. november 1986 skåra han 13 av Noregs mål i ein kamp mot Nederland, likevel enda kampen med eit norsk eittmålstap. Sævereide noterte seg for 197 landslagsmål.

Merittar Noregsmeister: 1985 for Stavanger IF Seriemeister: 1986, 1987 og 1989 for Stavanger IF

Kjelder handball.no

Kategori:Norske handballspelarar Kategori:Folk frå Stavanger