Ulf Magnussen () er ein norsk tidlegare handballspelar frå Oslo. Han vann tre seriegull og ein kongepokal som Refstad-spelar.
Karriere Klubbspel Magnussen spelte på Refstad sitt handballag frå 1964 til 1979. Saman med karar som Harald Tyrdal og Per Otto Furuseth bidrog han mykje til at Refstad i 1974 steig til topps 1. divisjon. 15. desember 1976 skåra han sju av måla og var toppskårar då Refstad vann over Stavanger IF med 15-11 i NM-finalen. Få månader seinare sigra Refstad i 1. divisjon og Magnussen vart dermed seriemeister for andre gong. To år etter den triumfen kunne Refstad og Magnussen ta i mot seriemeister-pokalen for tredje gong.
Landslagsspel Magnussen debuterte for Noreg den 23. november 1971 og spelte sin 52. og siste landskamp 4. juli 1976. Han var med i mannskapet som deltok i Sommar-OL 1972. Magnussen skåra 44 mål for Noreg.
Merittar Seriemeister: 1974, 1977 og 1979 med Refstad IL Noregsmeister: 1976 med Refstad IL
Kjelder handball.no
Kategori:Norske handballspelarar Kategori:Folk frå Oslo