Vor Frue Kirke i København er domkyrkje i Københavns stift (erkebispedøme). Det har ho vore sidan erkebispedømet blei oppretta i 1922. Kyrkja er tileigna jomfru Maria, som særleg i tidlegare tider også blei kalla «Vor Frue».
Det har vore ei kyrkje på staden sidan 1100-talet, men kyrkjebygningen har vore utsett for fleire brannar og har deretter blitt gjenreist. Tre gonger har han brunne heilt ned til grunnen og deretter erstatta av ein ny bygning.
Den noverande kyrkja blei reist på byrjinga av 1800-talet i klassisistisk stil etter teikningar av den tonegjevande arkitekten i samtida, C.F. Hansen. Ho er utsmykka av Bertel Thorvaldsen.
Den noverande kyrkja mini|Kyrkjeskipet sett mot alterpartiet med Kristusskulpturen og apostlane langs sidene. Kyrkja blei reist i klassisistisk stil under leing av arkitekt C.F. Hansen. Hansen var blitt kalla tilbake til København etter fleire år i Altona for å leia gjenreisinga av byen etter alle katastrofane.C. F. Hansen og Vor Frue Kirke fra Vor Frue Kirke I 1808 ba kronprinsen, den seinare Frederik VI om at han skulle inspisere kyrkjeruinen og legga fram eit forslag til vidare arbeid.
Hansen fekk frie hender; også når det gjaldt å velja stilart. Under gjenoppbygginga klarte ein å nytta delar av det gamle murverket og tårna. Den nye kyrkja blei innvigd i 1829.
Galleri
Kulturkanonen Vor Frue kyrkje inngår i Danmarks kulturkanon i kategorien arkitektur. I grunngivinga si skreiv Kanonutvalget mellom anna:
«... og det var klassicismens ambition at søge den balance i kunst og arkitektur, som man havde fundet i den antikke fortid. .......Denne spænding imellem et kendt forbillede og en ny begyndelse er manifesteret enkelt og skarpt i Vor Frue Kirkes arkitektur. Det ses i den beherskede kompleksitet mellem kirkens ydre form og indre rum. Og i den rolige monumentale sammenstilling af bygningslegemerne, hvor kirkeskib, apsis, tårn og portal udgør en tæt sammenføjning af selvstændige elementer med hver sin karakter.»
Historisk galleri
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Vor Frue kirke (København)» frå , den 6. mai 2025.
Kategori:1829 i Danmark Kategori:Den danske gullalderen Kategori:Den danske kulturkanonen Kategori:12°E Kategori:55°N