Johannes Høyer () var ein norsk jurist og politikar frå Arendal. Han representerte partiet Høgre i Stortinget 1925-27.

Høyer vart cand.jur. i 1906. Etter ei tid som byfogdfullmektig i Bodø, arbeidde han frå  1908 til 1928 som sakførar i same by. Perioden 1928-39 var han statsadvokat i Nordland lagsokn.

Høyer var medlem i Bodø bystyre frå 1918 til 1923, dei to siste åra med sete i formannskapet. Valperioden 1925-27 sat han på Stortinget som representant for byane i Nord-Noreg og partiet Høgre. Ordførar 1929-31 i Bodø og medlem av bystyret fram til 1934.

I 1939 flytta Høyer til Hamar, etter å vorte utnemnd til sorenskrivar. Til sist lagdommar i Eidsivating 1953-55. 1926-28 var han medlem i hovudstyret for Den norske sakførerforening.

Kjelder Andreas Svennichsen Høyer og hans slekt, 1986

Kategori:Stortingsrepresentantar for byane i Nordland, Troms og Finnmark Kategori:Stortingsrepresentantar frå Høgre Kategori:Stortingsrepresentantar 1925-1927 Kategori:Ordførarar i Bodø Kategori:Høgreordførarar i Nordland Kategori:Norske embets- og tenestefolk Kategori:Folk frå Arendal