Noregsmeisterskapen i handball 2009 for menn vart vunnen av Elverum Idrettslag etter finalesiger 25 – 24 over Drammen HK.

Finalen Finalen vart avvikla i Oslo Spektrum den 30. desember framfor 6 647 tilskodarar. Drammen førte kampen og var oppe i tomåls-leiing i fyrste omgang. Ved pause stod det 12–11, fordel Drammen. I den andre omgangen auka Drammen til 20–16. Elverum byrja då punktmarkere skyttaren Espen Lie Hansen. Såleis lukkast Elverum utlikne til 24–24 i sluttminutta. Eit halvt minutt før slutt dunka Lars Nordberg inn Elverums 25. mål, utan Drammen klarte svare i den tida som stod att å spele.

Elverum-måla kom frå Lars Nordberg (6), Kjetil Aanestad (6), Steffen Stegavik (5), André Lindboe (3), Sigmund Høye (2), Andre Tønnesen (2) og Sigurdur Stefansson 1.

Drammen-spelaren Espen Lie Hansen vart toppskårar i kampen med 12 sine fulltreffarar. Marcus Litborn (3 mål), Christian Spanne (2), Jan Lislerud Hansen (2), Simen Holm, Bård Nordhagen, Steffen Skancke, Joakim Hykkerud, Gøran Sørheim, alle 1 mål. Glenn Solberg kom ikkje på skåringslista.

Elverum måtte tole sju tominutts-utvisingar, Drammen fem to-minuttarar.

Kjelder Østlendingen, 31. desember 2009 Drammens Tidende, 31. desember 2009

2009 Kategori:Idrettstilskipingar i Oslo Kategori:Handball i 2009 Kategori:Noregsmeisterskap i 2009