Ove Christian Charlot Beck Klykken () var ein norsk kjøpmann, væreigar og politikar frå Skogn i Nord-Trøndelag. Han representerte Finnmark i Stortinget perioden 1900-03.
Far hans var sakførar og gardbrukar i Alstadhaug sokn i Skogn herad. Sjølv reiste han i 1882 til Finnmark, der han arbeidde som betjent ved landhandelen i Repvåg. I 1889 kjøpte han handelsstaden Skjøtningberg «som han senere har drevet op til et betydelig fiskevær». Han eigde elles fiskeværa Oksefjord og Sandfjord, begge i Aust-Finnmark.
Ove Klykken representerte valkrinsen Finmarkens Amt på Stortinget frå hausten 1900 til 1903. På Tinget hadde han plass i Næringskomite nr 1. I 1903 var han med i deputasjonen som Stortinget sende til opninga av Ofotbanen. Frå 1908 var han i fleire periodar ordførar i Lebesby kommune.
Peder Klykken var farfaren hans.
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914 Klykkenslekta i Overhalla, 1964.
Kategori:Stortingsrepresentantar 1901-1903 Kategori:Folk frå Levanger Kategori:Norske kjøpmenn Kategori:Folk frå Lebesby