Noregsmeisterskapen i handball 1977 for menn enda med triumf for Fjellhammer Idrettslag gjennom finalesiger 16–15 etter ekstraomgangar mot Fredensborg/Ski.
Finalen Finalen vart avvikla i Ekeberghallen i Oslo sundag 4. desember 1977 framfor 2 500 tilskodarar. Fjellhammer smelte til og gjekk opp i 4-0 før motstandaren opna målkontoen. Mannskapet frå Lørenskog var oppe i 7-3, før Fredensborg/Ski reduserte skilnaden opp mot pausestillinga 8-7. I den andre omgangen fylgde laga kvarandre, aldri meir enn eitt måls differanse. Då 60 minutt var gjennomført, stod det 13-13 og likt i målprotokollen. I ekstraomgangane skåra Fjellhammer tre mål, eitt meir enn Fredensborg/Ski. Dermed hadde idrettslaget frå Lørenskog sikra seg sin fyrste alle fyrste kongepokal i handball.
Fjellhammer sine mål kom frå Knut Sveen, Geir Haugstveit, begge 5 skåringar, medan Sten Osther, Trygve Widen, Truls Bergersen, Frank Johansen, Kåre Mathisen og Sverre Bjerkeli alle fann vegen til nettmauskane ein gong. John Berg var målvakt.
Inge K. Hansen 3, Magne Berg 3, Per Jan Witzøe 2, Ivar Falch 2, Bjørn Erik Haugan 1, Arve Moe 1 skåra for Fredensborg/Ski.
Kai Huseby og Terje Anthonsen dømde kampen. Fjellhammer måtte tole 2 tominutts-utvisingar, Fredensborg/Ski ei.
Kjelder Arbeiderbladet, 5. desember 1977
1977 Kategori:Noregsmeisterskap i 1977 Kategori:Handball i 1977 Kategori:Idrettstilskipingar i Oslo