Arild Akerø () er ein norsk tidlegare handballspelar frå Stavanger. Han vart noregsmeister og to gongar seriemeister med Stavanger IF, samt ein gong noregsmeister med Viking HK. Han var linjespelar.

Karriere Klubbspel Akerø spelte i 1976 på tredjedivisjons-laget IL Viking. I 1981 melde han seg inn i Stavanger IF som spelte i 1. divisjon. 14. desember 1985 vart han toppskårar då laget vart norsk meister i handball for fyrste gong. Berre månader seinare vann SIF også 1. divisjon og sikra klubben den fyrste seriemeister-pokalen i handball. Sesongen etter forsvarte Akerø og SIF fyrsteplassen i 1. divisjon. 1987/88 var han spelande trenar på Sola IL sitt lag i 3. divisjon. Deretter melde han seg til teneste i Viking HK. 8. januar 1989 ytte han sitt til at Viking vann over hans tidlegare lag, Stavanger IF, i NM-finalen. Han la opp i 1990.

Landslagsspel Akerø spelte landskampar for Noreg frå 13. november 1985 til 27. februar 1987. Han opna med tap mot Tsjekkia og avslutta med siger over Bulgaria. Gjennom 50 kampar skåra han 100 landslagsmål.

Kjelder handball.no

Kategori:Norske handballspelarar Kategori:Folk frå Stavanger