Joakim Anderssen () var ein norsk kjøpmann, reiar og dampskipsekspeditør frå Ålesund.

Liv og gjerning Joakim Anderssen vart cand.jur. 1854. Frå 1855 var han handelsborgar i heimbyen, medeigar i firmaet J. Anderssen & Sønner. Sidan 1869 dreiv han på eiga hand, mellom anna som agent for forsikringsselskap og reiarlag.

I 1856 var Anderssen med å stifte Det Søndmør-Romsdalske Dampskibsselskab. Han var ekspeditør for selskapet og etterfylgjaren Det Nye Søndmør-Romsdalske Dampskibsselskab, til det siste gjekk konkurs i 1879. Han overtok to av båtane og dreiv fjordaruter frå 1880. Etter skipinga av Søndmøre Dampskibsselskab førte til priskrig, tapte Anderssen mykje peng på drifta og gav i 1890 opp drifta rutebåtane.

Anderssen og kompanjongar fekk bygt «Erknø», det fyrste dampdrive farty retta mot fiske på bankane utfor Møre. Båten kom til Ålesund vinteren 1868. Tiltaket slo feil, båten vart i staden nytta i rutetrafikk. I 1876 reiste Anderssen over Atlanteren til verdsutstillinga i Philadelphia. Her skaffa han seg inngåande kunnskap om fiskeria i Nord-Amerika, noko han rapporterte om til norske styremakter. Særleg interesse fekk han for snurpenota. Han kjøpte med seg ei not og gjorde fleire forsøk på mørekysten, utan hell. Ein tilpassa modell av snurpenota brukt på kysten av Skagerrak gav meir von. Snurpenota vart så vidareutvikla og innarbeidd i norsk sildefiske. Frå Nord-Amerika hadde han med ein dory og ein modell av ein dampdriven fiskebåt. Sommaren 1885 gjorde den 70 fot lange jarnbåten Activ ein lønsam tur etter kveita ute på Storegga. Fiskebanken Aktivneset har namnet etter denne turen.

I Philadelphia fekk Anderssen kontakt med Alexander Graham Bell, som på utstillinga presenterte telefonen for fyrste gang. Han fekk med seg heim eit par telefonar. Ved heimkomst i Ålesund hende den fyrste telefonsamtalen i Europa.

Frå 1890 arbeidde Anderssen som revisor for bank og kommune, samt agent. Han flytta frå bysentrum til eit lite gardsbruk ved Volsdalsvegen i utkanten av byen. Frå 1905 var han Ålesunds fyrste børskommissær. I 1904 gav han ut Aalesund og Omegns Næringsliv i ældre og nyere Tid.

Joakim Anderssen var ordførar 1858–60 og 1882 i Ålesund. Han var forlikskommissær i lang tid og i mange år styreformann i Aalesunds Sparebank.

Kjelder Joakim Anderssen (Ordførerne I Ålesund) ved historier.no]

Kategori:Norske kjøpmenn Kategori:Norske skipsreiarar Kategori:Ordførarar i Ålesund