Inge Ketil Hansen () er ein norsk tidlegare næringslivsleiar og handballspelar frå Oslo.
Næringsdrivar Hansen er utdanna siviløkonom og var med i styret for Norske siviløkonomers forening frå 1987. Han er særleg kjend som konsernsjef i Aker Kværner frå 2004 til ?. Siste tiåra har han vore styreleiar i ei rad av store norske forretningsselskap og organisasjonar. Her kan nemnast Gjensidige, Bertel O. Steen, Avinor og mange fleire.
Idrett Klubbspel Hansen spelte handball på Fredensborg sitt lag frå 1963. Her var han med på å vinne kongepokalen i 1965 og 1966, begge desse meisterskaps-turneringane gjekk på utandørsbane. Åra frå 1967 til -70 studerte Hansen ved Norges Handelshøyskole i Bergen, samstundes som han spelte handball i Bergen Studentidrettslag (BSI). Sesongen 1968/69 bidrog han mykje til at Bergensstudentene vart seriemeister i 1. divisjon. Frå 1970 var Hansen atter Fredensborg-spelar. Han sanka ein ny NM-pokal i 1972, medan vart tap i NM-finalen 1977. Hansen la opp i 1981.
Landslagsspel Hansen fekk sin landslagsdebut 6. november 1965 i svenske Örebro, ein kamp Noreg vann 21-19 og der Hansen skåra tre av dei norske måla. Han var norsk lagkaptein og spelte alle fire kampane under Sommar-OL 1972 i München, ei turnering som enda med at Noregs mannskap kom på niandeplassen. 18. november 1973 i Sofia deltok Hansen i sin landskamp nr 100, eit møte med «beinharde bulgarere». Han vart då den fyrste norske handballspelaren nådde 100 A-landskamper. 6. mars 1976 skåra han sitt siste av i alt 234 landslagsmål. Til saman var han med i 116 landskampar.
Kjelder handball.no
Kategori:Norske handballspelarar Kategori:Norske næringslivsleiarar Kategori:Norske økonomar