Noregsmeisterskapen i handball 1981 for menn enda med triumf for Fredensborg/Ski etter finalesiger 22–17 over Stavanger Idrettsforening.

Finalen Finalen vart avvikla i Skihallen i Akershus sundag 20. desember 1981 framfor om lag 1100 tilskodarar. I den fyrste omgangen var det klasseskilnad på laget frå 1. divisjon og laget frå 2. divisjon. Fredensborg/Ski var best i alle fasar av spelet, og SIF gikk mot slutten av omgangen i «fullstendig oppløsning». Ved pause leia heimelaget 14–6. I den andre omgangen kontrollerte Fredensborg/Ski inn til sluttsiffera 22 – 17.

Tor Edvin Helland vart toppskårar i finalen med sine 7 fulltreffarar for Fredensborg/Ski. Elles skåra Gunnar Pettersen 6, Steinar Aas 5, Johan Steffensen og Trond Skjøld 2 mål, begge. Stein Tyrdal og Petter Lundeby veksla på å stå i mål.

Stavanger sine mål kom frå Øisten Bratteli og Tor Østebø, begge 4 skåringar, Gunnar Helgevold 3, Erlend Wedul 2, Ragnar Klette, Bjørn Solvig, Roar Nyberget, Ketil Sævereide, alle kvar si skåring.

Dommarane Reidar Isachsen og Roar Forbord straffa begge mannskapa med 3 tominutts-utvisingar.

Kjelder Arbeiderbladet, 21. desember 1981

1981 Kategori:Idrettstilskipingar i Oslo Kategori:Noregsmeisterskap i 1981 Kategori:Handball i 1981