Finn i Gropa og fleire er ei novellesamling frå 1929 av Halvor Floden. Boka inneheld fire noveller: «Finn i Gropa», «Tømmerhoggarar», «Nils Brenn og garden hans» og «'Skatten'».

Det er uklart om boka er ei barnebok eller bok for vaksne; ho har vorte handsama som begge deler. Bakgrunn Boka kom ut etter at Floden hadde blitt lærar i Hernes i 1917. Halvor og Anne Floden kjøpte og busette seg på småbruket Svea (Schulstadsvea) i Hernes i 1916. Dei hadde fem barn, fødd 1907–1920.Halvor Floden; Historisk befolkningsregister

Novella «Tømmerhoggarar» stod på trykk i bladet For Bygd og By i november 1929, samstundes med at boka kom ut.

Mannen Finn i den første novella er den same Finn som var barn og hovudperson i Furuberg-Finn, Flodens barnebok frå 1927.

I Norsk bokfortegnelse, hos Deichmanske bibliotek og av nokre andre vart boka handsama og omtalt som ei barnebok. Andre, som t.d. Nynorsk bokliste frå Noregs Mållag, nemner boka som ei bok for vaksne. I ei usignert melding om haustens bøker frå Olaf Norlis Forlag, som stod i fleire blad, heitte det at «Ei samling forteljingar av Halvor Floden, Finn i Gropa, syner at han er like god når han skriv for vaksne som for barn.» Innhald Slik det er vanleg hos Floden, er handlinga i novellene lagt til austnorske skogbygder.

Finn i tittelnovella er rydningsmann og bureisar. Han er sterk og arbeidsam, og vinn etter kvart alles respekt og Åses kjærleik.

I «Tømmerhoggarar» må tre søner hjelpe faren Syver med ei tømmerdrift medan faren blir sjuk og treng lege.

«Nils Brenn og garden hans» er ei humoristisk skildring av ein bonde og nydyrkingsmann som møter jobbetida med meir krefter enn fornuft. Omtale Meldaren M.S. i Midnattsol – ungdomsblad for Nord-Norig meinte at den første novella var den beste, men og at alle novellene hadde emne i seg til å bli utvida til ein roman. Meldaren E.H. i Glommen og Østfold Dagblad meinte at det var «både interessant og underholdende å lese om disse oprinnelige urfriske karer fra skogene i Trysil.»

Meldaren Olav Dalgard peikte i ei melding på at Flodens hovudpersonar er prega av «framtaksviljen og gå-på-trassen» og «idealiteten». Ein annan stad skreiv han at Floden er «en sikker stilist som kjender folket i skogbygda til bunds. Han elsker deres trofasthet mot jorden og sig selv, og denne gjengir han slik at det overbeviser og glæder.» Meldaren Hans Nerhus i Unglyden trakk og fram tittelnovella, der arbeid og framtak og personleg dåd blir lønna med bygdas respekt. Tov Flatin skreiv begeistra om boka, og kalla ho «ein lovsong til den trufaste slitaren». Meldaren M.L.R. i Stavanger Aftenblad ga eit sympatiserande referat av tittelnovella. Magne Sørflaten i Austland meinte at boka var «frisk, sann og ekte». Meldaren i Fjordabladet rosa også tiltak og krafttak hos personane i boka. Nils Lavik skreiv om boka i Dagen, og rosa mannleg urkraft, sømd og moralsk kjensle hos hovudpersonane. R Grieg i Aftenposten meinte derimot at tittelnovella var tilgjort, urealistisk og naiv, medan «Tømmerhoggarar» var ekte.

Olav Midttun som skreiv Boksjå i Syn og Segn meinte at tittelnovella var gild å lese, med «det ljose friske humør og godluna som Floden hev», men óg at det var noko stereotypt og føreseieleg over historia. Meldaren I.H. i Ringerikes Blad fann «en dyp og medfølende forståelse av menneskenaturen» i tittelnovella.

Meldaren i Inntrøndelagen likte «Tømmerhoggarar» best, og meinte at det var «en mesterlig skildring av det slitsomme liv i skog og koje». Anders Hovden skreiv Bokbrev i avisa Velgeren, og trakk også fram «Tømmerhoggarar» som gripande. Meldaren M.S. i Østlendingen meinte at «Tømmerhoggarar» var som eit «epos um hardbeitte truverdige slitarar i skogen», og at novella kunne passe i ei lesebok under rubrikken Folket i arbeide.

Rolv Thesen meldte boka i Arbeiderbladet; han fann ikkje noko nytt eller originalt i dei to første novellene. Referansar

Kategori:Norske noveller Kategori:Norsk barnelitteratur Kategori:Bøker frå 1929