Karl Magnus Johansen () var ein norsk arbeidsmann og politikar frå Tune i Østfold. Han representerte valkrinsen Østfold i Stortinget frå 1937–40 og 1945.
Johansen var til sjøs i fem år, før han i 1905 byrja arbeide på Borregaard. Åra 1907-10 gjekk han samstundes Sarpsborg tekniske kveldsskule og i 1911 tok han handelsskule Frå 1911 til 1916 arbeidde han i Tune elektrisitetsverk, og 1916-19 var han styrer av Skoger elektrisitetsverk. Etter to år som anleggsleiar ved National Industri, var han frå 1921 til 1956 montør i Tune elektrisitetsverk.
Johansen var medlem i Tune kommunestyre frå 1913 til 1940, mange periodar hadde han sete i formannskapet, Han var varaordførar 1934–36. Han var landsstyremedlem 1923-30 og 1933-39 i Arbeidarpartiet. Hausten 1936 vart han vald til stortingsmann frå Østfold for Arbeidarpartiet. På Tinget var han nestformann i Justiskomiteen. Under andre verdskrigen deltok han i motstandsarbeid, og vart arrestert 1. desember 1943.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Magnus Johansen» frå , den 17. juni 2025.
Kategori:Stortingsrepresentantar for Østfold Kategori:Stortingsrepresentantar frå Ap Kategori:Stortingsrepresentantar 1937-1945 Kategori:Stortingsrepresentantar 1945-1949 Kategori:Folk frå Sarpsborg