Bygdepride er ein norsk årleg festival og medlemsorganisasjon som fremjar skeive sine rettar i bygdesamfunn. Festivalen vart arrangert for fyrste gong i mai 2018 i Ørsta og Volda, og har sidan blitt ein årleg tradisjon som finn stad andre veka i mai, med mellom anna parade, kinoframsyning, føredrag, konsertar og meir.

Om festivalen Sidan 2024 har festivalen vore arrangert i Nordfjord i tillegg til Søre Sunnmøre, med arrangement i kommunane Volda, Ørsta, Ulstein, Hareid, Vanylven, Sande og Stad. Den største og mest synlege hendinga er Pride-paraden, som går føre seg i Volda på siste dag av festivalen, med påfølgjande paradeshow i Uppheimsparken.

Paraden samlar som regel mykje folk, og fekk merksemd både nasjonalt og internasjonalt då han vart arrangert for fyrste gong i 2018, og samla fleire tusen menneske og over 50 lag og organisasjonar. Paraden vart direktesend av fleire store mediehus, mellom anna NRK, VG og TV2.

I 2018 gjekk festivalen over tre dagar. Sidan har festivalen vorte halden over ei veke.

Organisasjonen Bygdepride Organisasjonen Bygdepride vart stifta i 2017 med føremål om å spreie kunnskap og fremje aksept av og toleranse for LHBTI+-personar, det vil seie lesbiske, homofile, bifile, transpersonar og intersex-personar, mellom anna ved arrangering av ein årleg festival. Organisasjonen er open for alle som ynskjer å støtte saka. Bygdepride har sidan 2024 hovudkontor i Ørsta.

I tillegg til å arrangere mindre hendingar i løpet av året, står Bygdepride òg for utdeling av Bygdeprideprisen, som årleg vert delt ut til ein person eller organisasjon som på ein utmerka måte har gjort ein særskilt innsats for skeive personar si stilling i bygdesamfunnet. Tidlegare vinnarar av prisen er Rune Sæbønes (2019), Nynorsk kultursentrum og Aasentunet (2022), Bente Hjertenæs og sokneprest Arne Moltubak (2023), Anbjørn Steinholm Frislid (2024), og Sparebank 1 SMN Volda (2025).

Bygdepride deler sidan 2025 òg ut «Bygdeven»-utmerkinga som er ein spontan heider som vert gjeven til personar eller organisasjonar som har gjort ein framifrå innsats for skeive på bygda, og i så måte ref=gjort bygda til ein betre stad og leve for alle.

Kjelder

Kategori:Skipingar i 2018 Kategori:Festivalar i Noreg Kategori:Pridefestivalar Kategori:LHBT