mini|Japansk-amerikanarar dansar Virginia Reel i 1942. mini|«Dancing a reel at a Boulia picnic». Fotografi frå Queensland i 1921. mini|Film av The Harvey Sisters som framfører irsk reel. Reel (frå engelsk reel, av verbet reel, «kvervla, snurra, slingra»)«reel», NAOB er ei form for folkedans, såvel som den tilhøyrande dansemelodien. Dansen er av skotsk opphav, men reel er også ein viktig del av repertoaret til feletradisjonane på Dei britiske øyane og Nord-Amerika.Haigh, Chris (2013): Exploring Folk Fiddle. London: Schott; s. 11. I skotsk folkedans er reel ein av dei fire tradisjonelle dansane, der dei andre er jig, strathspey og vals. Reel er ei generell nemning som dekkjer dans for tre dansarar, reel for fire dansarar, og i sjeldnare tilfelle for meir enn fire dansarar.«Reel», Scottish Country Dancing Dictionary Rytmen det blir dansa til går i livleg 4/4-takt. Han blei vanleg på 1500-talet i Skottland, Irland og delar av England. Opphavleg blei han berre dansa av menn. Dansen er i slekt med norsk lausdans.

Innan irsk dans er ein reel alle dansar som blir dansa til musikk i direkte tid (reel time). Innan irsk steppedans (som i Riverdance) blir reel dansa i mjuke sko og er ein av dei første dansane som blir lært bort til elevar. Det finst også ein treble reel (tredobbel reel), dansa i harde sko til reelmusikk.«Hard Shoe Treble Tutorial», YouTube

Felelåtane («fiddle tunes») som blir brukte til reel er kanskje den vanlegaste forma for britisk folkemusikk. Desse er vanlege i Irland, Skottland, England, Canada og USA. Fleire gamle reelar er blitt vovne inn i bluegrass. I Irland blir låtane spelte i raskt tempo og virtuost,«Iconic Irish Session Tunes: The Flogging Reel», McNeelaMusic.com 19. september 2018 medan i Skottland og USA blir det spelt enklare og i langsamt tempo.

Historie Reel er stadeigen i Skottland. Den eldste referansen er frå ei rettssak i 1590, der den tiltalte var rapportert å ha «daunced this reill or short dance».Newes from Scotland. Declaring the damnable life of Doctor Fian a notable sorcerer, who was burned at Edenbrough in Ianuarie last. London 1591. Glasgow University Library: Sp Coll Ferguson Al-a.36 Forma kan likevel gå tilbake til mellomalderen. Namnet kan vera knytt til eller vera relatert til norrønt hræll, som betyr «å kvervla/snurra». Dette blei til angelsaksisk hreol. Opphavet til ordet verka å opphavleg ha vore nytta om å spinna rundt ein akse, som ved eit spinnehjul, og blei sidan overført til dansen.reel (n.1) / reel (n.2), Online Etymology DictionaryNorton, Pauline (2014): «Reel (USA)», Grove Music Online (8. utg.). Oxford University Press. doi:10.1093/gmo/9781561592630.article.A2257178. ISBN 978-1-56159-263-0.

Etter å ha blitt introdusert til Irland på slutten av 1700-talet blomstra reelen.Norton, Pauline (2014): «Reel (USA)», Grove Music Online (8. utg.). Oxford University Press. doi:10.1093/gmo/9781561592630.article.A2257178. ISBN 978-1-56159-263-0. Seinare blei han introdusert til Nord-Amerika av engelske, skotske og irske nybyggjarar og immigrantar. I USA er reel framleis sentral i tradisjonane for anglo- og afroamerikansk musikk av typen oldtime og turdans (squaredans), og dessutan cajun og zydeco. I Canada er dei viktige delar av felespeletradisjonane på øya Cape Breton, i Quebec, for akadiarar og métisar.Haigh, Chris (2009): The Fiddle Handbook. Hal Leonard.Haigh, Chris (2013): Exploring Folk Fiddle. London: Schott; s. 11.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Reel» frå , den 15. juli 2025.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Dansar Kategori:Folkemusikk