Quakenbrück er ein by og ein kommune i forbundslandet Niedersachsen i Tyskland med i kring 14 000 ibuarar og ei flatevidd på 18 km². Kommunen ligg vest i forbundslandet og høyrer til Landkreis Osnabrück. Quakenbrück ligg 40-50 kilometer nord for Osnabrück. Elva Hase renn gjennom byen.
Byen vart Hansaby i 1544. Eit hus frå 1498 vert rekna som det eldste bustadhuset i heile Niedersachsen.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Quakenbrück» frå , den 19. juli 2025.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Byar i Niedersachsen Kategori:Kommunar i Niedersachsen