Ludvig Michael Glückstad () var ein norsk offiser og stortingsmann, fødd i Skjeberg i Østfold.

Prestesonen Glückstad deltok som gut i 1807 i forsvaret av København. I 1814 vart han utnemnd til premierløytnant i Akershusiske skarpskyttarregiment, forfremja til kaptein i 1823. Frå 1847 korpsmajor i 1ste akerhusiske brigade, tok avskjed året etter. Under kongen sitt besøk i Noreg var Glückstad hans adjutant.

Glückstad var busett i Fredrikshald, der han fram til sin død styrte P.A. Wiel sine handelsforretningar, alt på vegner av ei syster. Glückstad var i mange år bystyremedlem og frå 1854 styremedlem i Noregs Bank si avdeling i Fredrikshald. 1854 representerte han byen i Stortinget, og var medlem i Justiskomite nr. 2 og i Lagtinget.

Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914 Dødslysinga i Morgenbladet av 22. november 1866. Der vert alderen hans oppgjeven til 73 år.

Kategori:Stortingsrepresentantar 1854-1856 Kategori:Norske offiserar