Guri Kogstad () er ein norsk tidlegare symjar frå Skien. Ho vart tildelt kongepokalen ved NM i symjing 1977 og vart same året nordisk meister på 200 meter fri. To år seinare vart ho nordisk meister i så vel 100 som 200 meter fri. Ho var medlen av Skien Svømmeklubb til 1978, sidan Larvik SK.

Åra 1977 til 1980 vann Kogstad 16 gullmedaljar i norske meisterskap, likt fordelt langbane og kortbane. 12 av gullmedaljane kom på fridistansar, 4 i butterfly. Ved den nordiske meisterskapen 1977 symde ho inn til gullmedalje på 200 meter fri. Under europameisterskapen i Jönköping i august 1977 la ho beslag på sjetteplass i 100 meter fri og i 200 meter fri. I den same meisterskapen var ho med i mannskapet som sikra Noreg fjerdeplassen i 4 x 100 fri; Lene Jenssen, Bente Eriksen og Toril Bergesen dei andre. I Nordisk meisterskap i symjing 1979 vann Kogstad både 100 m fri og 200 m fri, og ho tok sølvmedaljen i 400 meter fri. Ho sette i alt 12 norske rekordar i frisymjing, nokre også nordiske rekordar på 100 og 200 meter fri.

Kogstad vart i 1977 til Porsgrund Porselænsfabriks ærespris for kvinner.

Kjelder Store norske leksikon

Kategori:Norske symjarar Kategori:Folk frå Skien