Ryfylketunnelen er ein undersjøisk tunnel på riksveg 13 mellom Nord-Jæren og Ryfylke under Horgefjorden i Rogaland. Tunnelen er ein del av Ryfast-prosjektet. Han er 14,4 km lang og er den lengste og djupaste undersjøiske vegtunnelen i verda fram til Boknafjordtunnelen opnar tidlegast 2029.

Tunnelen er dimensjonert for 10 000 køyretøy per døgn og er bygd med to løp og fire felt. Munninga på Ryfylke-sida er om lag 1 km nord for Solbakk i Strand kommune. På «bysida» kjem Ryfylketunnelen opp i dagen på Hundvåg i Stavanger kommune. Ein byrja å bygge tunnelen i 2013, og han opna 30. desember 2019. Det vart halde eit halvmaratonløp i tunnelen den 5. oktober 2019.

Bruk av tunnelen kosta opphavleg 140 kroner i bompengar for køyretøy i takstgruppe 1 (lette køyretøy) og 420 kr for takstgruppe 2. Bompengeinnkrevjinga kom i gang 1. februar 2021. Ho var fleire månader forseinka grunna tekniske problem.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Ryfylketunnelen» frå , den 9. august 2025.

Kategori:Vegar i Strand Kategori:2019 i Noreg Kategori:Vegar i Stavanger Kategori:Tunnelar i Rogaland Kategori:Tunnelar opna i 2019