Kryolitt er eit fargelaust til kvitt mineral med liten hardleik. Det krystalliserer monoklint og består av natrium, aluminium og fluor, Na3AlF6. Den einaste større førekomsten er ved Ivittuut (Ivigtut) i Kitaa på Vest-Grønland, der kryolitt, sideritt og fleire andre mineral finst i ei slags pegmatitt. Drifta ved Ivittuut vart innstilt 1962.
Det viktigaste bruksområdet til mineralet er som flussmiddel for å senke smeltetemperaturen ved aluminiumproduksjonen, men til dette føremålet blir det no nytta kryolitt som er framstelt kunstig av fluoritt. Kryolitt nyttast òg som katalysator i elektrolyse under produksjon av aluminium.
mini|venstre|Kryolittgruva ved Ivigtut på Grønland, sommaren 1940
Kryolitt vart først skildra i 1799 frå ein førekomst i Ivigtut og nær Arsukfjorden på Grønland. Mineralet er påvist frå Gjerdingen-ekeritten i Nordmarka ved Oslo.
Kjelder
kategori:Aluminiummineral kategori:Halidmineral kategori:Grønlandsk historie kategori:Pyrotekniske fargemiddel kategori:Natriummineral kategori:Monokline mineral