Ørjan Madsen () er ein norsk tidlegare symjar frå Bergen som i 1969 vart nordisk meister på 100 meter fri og elles tildelt to kongepokalar. Han var medlem i Bergens Svømme Club.

Madsen vann i tida 1964-70 sju gullmedaljar i norske meisterskap på langbane, og åtte gull i NM på kortbane. Gullmedaljane var fordelt på frisymjing, medley og ein einsleg i butterfly. Han vart tildelt kongepokal under noregsmeisterskapane 1968 og 1970. I 1968 var han den einaste norske symjaren under Sommar-OL i Mexico-byen, der han som best vart nummer 20 i 400 meter fri. Året etter vart han nordisk meister på 100 meter fri i Östersund.

Madsen er utdanna i fysioterapi og har vore symjetrenar i Tyskland og for det norske landslaget. Han har elles vore i arbeid for den såkalla Olympiatoppen.

Kjelder Store norske leksikon

Kategori:Norske symjarar Kategori:Folk frå Bergen