Nils Kristian Ødegaard () var ein norsk lærar, lagmann og forfattar.

Nils Kristian Ødegaard var fødd i Hestvik i Bremsnes på Nordmøre i 1873. Han gjekk ut av Elverum lærarskole i 1896 og fekk straks lærarpost i øvre Drevja. Han arbeidde i skolen i Drevja og Vefsn til han gjekk av med invalidepensjon i 1929. Ødegaard gjekk bort i 1947.

Ødegaard var med å stifte Drevja ungdomslag 19. september 1897, og han var den første formannen i laget. Ødegaard var også med og stifta avhaldslaget "Fram".  Han blei mykje nytta som foredragshaldar i desse laga.

Ødegaard var formann i Drevja menighetsråd frå 1928 til 1934, og dette var aktive år for menighetsrådet.

Ødegaard gav ut tre bøker, "Den fyrste kjærleiken", "Aleine. Eit stykke livssoga" og "I livsens strid, nogle dikte".  I tillegg laga han også eit skodespel "Paa fyrepost", som aldri blei trykt, men ofte framført av Drevja ungdomslag.

Utgjevingar

I livsens strid, diktsamling, 1912, (riksmål og landsmål),Bokmelding i Nordlands Folkeblad, torsdag 28. mars 1912 eigen utgjevnadAnnonse i Nordlands Folkeblad, torsdag 28. mars 1912 Aaleine. Eit stykke livssoga, forteljing i Nordlands folkeblad frå 7. oktober 1920 (nynorsk)Nils Ødegaard; "Aaleine, Eit stykke livssoga", i Nordlands Folkeblad, torsdag 7. oktober 1920 Den fyrste kjærleiken, ukjent år og utgjevnad På fyrepost, uprenta skodespel

Referansar

Kjelder "Lærer Nils Ødegård", Helgeland Arbeiderblad, fredag 7. mars 1947

Kategori:Norske forfattarar