Christian Gottlob Barth () var ein tysk prest, forfattar og forleggjar.

Barth vart fødd i Stuttgart og var frå 1824 prest i Möttlingen, etter å ha gått i kloster i Tübingen. Overvelda av arbeid trekte han seg frå stillinga i 1838 og flytta til Calw. I 1833 grunnla han eit forlag i Calw som fremja misjonarbeid, prenta misjonsark og misjonssongar. Han talte på mange misjonsmøte, særleg ofte i Basel. Forlaget hans gav ut kristne lærebøker og oppbyggjelege skrifter. Hans mange bibelske forteljingar nådde vide om og hadde ved hundreårsjubileet kome ut i 476 utgåver med minst 5 000 i opplag. Fleire av forteljingane vart omsett til norsk, mest kjent er 'Den fattige Henrik'. Han skreiv også ei kyrkjehistorie og Württembergs historie. Barth hadde kontaktar i mange delar av verda. Såleis hadde han ei etnologisk samling som han gav vidare til naturhistoriske museum i Stuttgart og München.

Barth var ein allsidig intellektuell med livleg tankekraft og sjeldan stor energi.

Kjelder Deutsche Biographie

Kategori:Tyske prestar Kategori:Tyske forfattarar Kategori:Folk frå Stuttgart