Larus er ei stor biologisk slekt av måsar med verdsomspennande utbreiing, det største artsmangfaldet finst på den nordlege halvkula.

I hovudsak er desse måsane mellomstore til store fuglar. Dei er vanlegvis lys grå til svarte på oversida og kvite på undersida og hovudet, ofte med svarte vengespissar med kvite flekker («speglar»), og hjå nokre artar òg noko svart på stjerten. Nebbet er kraftig og relativt langt, og føtene har symjehud. Om vinteren er hovudet ofte stripete eller skuggelagt i mørkgrått. Ungfuglane er brune og brukar tre til fem år på å få vaksen fjørdrakt, med mellomdrakter som ligg mellom juvenildrakt og vaksen fjørdrakt.

Systematikk og taksonomi Mange av artane er talrike og godt kjende fuglar i leveområda sine. Fram til om lag 2005–2007 vart dei fleste måsar plasserte i slekta Larus, men ordninga har vist seg å vera polyfyletisk. Dette førte til at slektene Chroicocephalus, Ichthyaetus, Hydrocoloeus og Leucophaeus vart tekne opp att for fleire artar som tidlegare var plasserte i Larus.

Taksonomien til dei store måsane i komplekset kring gråmåse og sildemåse er komplisert, og ulike autoritetar har anerkjent alt frå to artar tidlegare til åtte artar i nyare tid.

Slekta Larus vart innført i 1758 av den svenske naturforskaren Carl von Linné i den tiande utgåva av Systema Naturae. Slektsnamnet kjem frå gresk laros (λάῥος) eller latin larus, som truleg viste til ein måse eller ein annan stor sjøfugl.

Typearten er svartbak (Larus marinus). Det latinske namnet tyder «sjømåse», og måsane i denne slekta er generelt dei som vanlegast vert kalla «sjømåsar».

Artsoversyn Medlemmer av Larus i rekkjefølgje etter IOC World Bird List V15.1, 2025, med norske artsnamn etter Norske navn på verdens fugler. Bilete Norsk namn Vitskapleg namn Utbreiing Utbreiingskart Status120pxTjukknebbmåseLarus pacificusAustralia LC120pxSkarvmåseLarus belcheriStillehavskysten av Sør-Amerika80pxLC120pxJapanmåseLarus crassirostrisKystar ved Aust-Kinahavet, Japan, Mandsjuria og Kurilane, til vestlege Alaska i Nord-Amerika LC120pxArgentinamåseLarus atlanticusAtlanterhavskysten av Sør-Brasil, Uruguay og Nord-Argentina80pxNT120pxOskemåseLarus heermanniStillehavskysten av USA, Mexico og heilt sørvest i Britisk Columbia80pxNT120pxFiskemåseLarus canusNordlege delar av Europa og Asia, om vinteren sør til Middelhavet og Kina80pxLC120pxKortnebbmåseLarus brachyrhynchusNordvestlege Nord-Amerika80pxLC120pxRingnebbmåseLarus delawarensisCanada og nordlege USA, om vinteren sør til Karibia80pxLC120pxGulfotsvartbakLarus livensCaliforniabukta i Mexico80pxLC120pxKaliforniasvartbakLarus occidentalisFrå Britisk Columbia i Canada til Baja California i Mexico80pxLC120pxKaspimåseLarus cachinnansSvartehavet og Kaspihavet og tilgrensande elvedalar, austover inn i Sentral-Asia; om vinteren vest til Europa og sør til kystane av Arabia80pxLC120pxTaremåseLarus dominicanusAntarktishalvøya, Sør-Amerika, Sør-Afrika, øyar i Sørishavet, søraustlege Australia og New Zealand80pxLC120pxGråmåseLarus argentatusNordlege og nordvestlege Europa80pxLC120pxSibirmåseLarus vegaeNordaustlege Sibir, om vinteren i Japan, Korea, Sør- og Aust-Kina og Taiwan LC120pxMongolmåseLarus mongolicusMongolia og søraustlege Russland, om vinteren i Japan, Korea, Sør- og Aust-Kina og Taiwan LC120pxGulbeinmåseLarus michahellisMiddelhavet og Makaronesia, etter hekking nordover til Dei britiske øyar80pxLC120pxArmenarmåseLarus armenicusInnlandet av Tyrkia, Kaukasus og Midtausten, om vinteren i det austlege Middelhavet og Persiabukta80pxLC120pxSvartbakLarus marinusKystar i Nordvest-Europa, Nordaust-Amerika og øyar i Nord-Atlanteren80pxLC120pxPolarmåseLarus hyperboreusKystar kring Polhavet, om vinteren i Nord-Atlanteren og Nord-Stillehavet så langt sør som Dei britiske øyar og nord i USA, òg ved Dei store sjøane80pxLC120pxSildemåseLarus fuscusAtlanterhavskystane av Europa og Nordvest-Asia, om vinteren sør til Sentral-Afrika og India80pxLC120pxPræriegråmåseLarus californicusVestlege delar av Nord-Amerika frå Nordvestterritoria i Canada sør til austlege California og Colorado, om vinteren sør til Vest-Mexico80pxLC120pxAmerikagråmåseLarus smithsonianusNord-Amerika frå Alaska til Dei store sjøane og nordaustkysten av USA, om vinteren sør til Karibia80pxLC120pxGråvengmåseLarus glaucescensKystar ved Stillehavet frå Russland og Alaska til Washington, om vinteren sør til Japan og nordvestlege Mexico80pxLC120pxSkifermåseLarus schistisagusNordaustlege kystar av Asia, om vinteren sør til Aust-Kina80pxLC120pxGrønlandsmåseLarus glaucoidesPolhavet langs Canada og Grønland, om vinteren frå Island sør til Dei britiske øyar og nordaustlege USA, underarten thayeri vinterar ved Stillehavskysten av Nord-Amerika80pxLC Ringartar mini|300px|høgre|Måsane i Larus tidlegare tolka som ein ring rundt Arktis: 1. L. fuscus graellsii & L. f. intermedius (sildemåse i Vest-Europa); 2. L. fuscus fuscus (sildemåse i Nordaust-Europa); 3. L. fuscus heuglini (underart heuglini av sildemåse); 4. L. vegae birulai (underart birulai av sibirmåse); 5. L. vegae sensu stricto (sibirmåse); 6. L. smithsonianus (amerikagråmåse); 7. L. argentatus (gråmåse)

Den sirkumpolare gruppa av Larus-artar har ofte vorte nemnd som eit klassisk døme på ein ringart. Utbreiinga til desse måsane dannar eit belte kring Nordpolen. Gråmåse, som lever hovudsakleg i Storbritannia og Nord-Europa, kan krysse seg med amerikagråmåse i Nord-Amerika. Denne kan igjen krysse seg med sibirmåse eller «austsibirmåse», der den vestlege underarten birulai av sibirmåse, kan krysse seg med heuglinmåse, underarten heuglini av sildemåse. Sistnemnde kan krysse seg med den sibirske underarten av sildemåse. Denne rekk attende til nordvest-Europa, inkludert Storbritannia.

Men sildemåse og gråmåse er såpass ulike at dei sjeldan kryssar seg, slik at gruppa av måsar dannar eit kontinuerleg belte – bortsett frå i Europa, der dei to greinene møtest. Nyare genetiske studiar har likevel vist at dette eksempelet er mykje meir komplisert enn tidlegare framstilt, og truleg ikkje representerer eit godt døme på ein «ekte» ringart.

Kjelder

Denne artikkelen byggjer på «Larus» frå , den 14. september 2025

Referansar

Bakgrunnsstoff

Kategori:Måsefamilien Kategori:Fugleslekter