Sigmund Skard () var ein norsk professor i amerikansk litteratur ved Universitetet i Oslo, lyrikar, essayist, talar og gjendiktar.
Bakgrunn og virke
Sigmund Skard var son av folkehøgskulelæraren og skuledirektøren Matias Skard (1846-1927) frå Øyer i Gudbrandsdalen og lærar og sekretæren Gyda f. Christensen (1868-1916) frå Finnås i Hordaland. Matias vart enkemann to gonger før han gifta seg med Gyda. Marie f. Bø døydde av tuberkulose kort etter at ho fekk sitt andre barn, og Nilsine f. Myhre fekk blodpropp like etter at ho fødde sitt første. Matias var i nestan ti år eine ansvarleg for dei tre små barna. Han fekk fem barn med Gyda og saman oppseda dei den store barneflokken, der Sigmund var nummer seks. Samtidig hjelpte Gyda mannen i embetet. Sigmund vaks opp i eit usedvanleg rikt miljø intellektuelt og kulturelt prega av kristelege, menneskelege og folkelege verdiar. Halvbroren Olav vart professor på Landbrukshøgskulen i Ås og Torfinn vart hagebrukslærar ved Telemark landbruksskule på Søve. Broren Bjarne vart biskop i Tunsberg, Eiliv vart professor og Vemund lektor ved Universitetet i Oslo. Halvsystera Målfrid Birkeland var med å etablera Fana folkehøgskule med mannen sin Martin, og systera Gunnhild Skard var lærar.
Sigmund studerte ved Universitetet i Oslo, las språk og litteratur, vart cand.philol., tok magistergraden i allmenn litteratur og doktorgrad om Aasmund Olavsson Vinje og antikken. Samstundes arbeidde han som bibliotekar ved Universitetsbiblioteket, var engasjert i målsaka og skreiv dikt. I 1933 gifta han seg med barnepsykologen og kvinnesaksforkjemparen Åse Gruda Skard, dotter av lærar og kvinnesakspioner Karen Grude Koht og historieprofessor og politikar Halvdan Koht. Saman fekk dei fem barn: Torild Skard og Målfrid Grude Flekkøy (1936), Halvdan og Åsmund (1939) og Anne Skard (1945).Skard, Åse Gruda. Liv laga, ei minnebok 1905-1940 og Fulle hender, ei minnebok 1940-1985. Gyldendal, 1985 og 1986)
mini|venstre|Portrett av Åse Gruda og Sigmund Skard, 1934. Frå Nasjonalbibliotekets arkiv
Da den tyske invasjonen kom i 1940, flykta familien via Sovjet og Japan til USA og budde i Washington DC under heile den andre verdskrigen. Skard arbeidde ved Kongressbiblioteket og var rådgjevar for norske saker i Office of War Information, OWI, samtidig som han reiste rundt og heldt foredrag for å fremja Noregs sak.
Familien kom attende til Noreg etter krigen og flytta inn i villaen «Karistua» på Lysaker i Bærum saman med svigerforeldra til Sigmund. Sigmund var utnemnd til første professor i amerikansk litteratur i Norden ved Universitetet i Oslo, medan Åse vart dosent i psykologi. I Karistua vart det etablert ein uvanleg storfamilie, der Sigmund og Åse tok seg av barn og gamle i mange år og var samstundes gjestfrie vertar for familie og vener, studentar og kolleger frå ulike miljø og mange land. Dei var båe radikale kulturpersonlegdomar og feministar og meinte båe foreldre skulle vera yrkesaktive og ta del i oppsedinga av barna. Sigmund nytta meir merksemd og kraft saman med barna enn fedre flest på den tida med omsorg og stell, leik og litteratur. Hovudansvaret for organiseringa av hushaldet og det praktiske arbeidet fall likevel på Åse.
Skard måtte kjempa for eit Amerika-studium ved universitetet, ikkje berre eit engelsk-studium samla om britisk språk og litteratur. Han skreiv om amerikansk litteratur, heldt fengjande førelesingar og sette om tekster frå engelsk. I 1954 etablerte han European Association for American Studies og reiste både i Europa og fjernare land for å fremja studiet av Amerika ved høgre læreinstitusjonar. I Noreg vart han styreleiar for den Internasjonale Sommarskulen på Universitetet. Han engasjerte seg i målpolitikken, var nestleiar i Noregs Mållag og styreleiar i Det Norske Samlaget. Han ga ut ei rekkje diktsamlingar og gjendiktingar frå ulike språkområde.
Prisar og utmerkingar
I 1965 vart Skard tildelt Bastianprisen for ei særskilt god gjendikting (Dante, saman med Henrik Rytter). I 1966 fekk han Sunnmørsprisen for Haustraun. I 1968 fekk han som første omsetjar Norsk Kulturråds omsetjarpris. Gyldendals legat 1970. Æresdoktor ved University of Pennsylvania og universitetet i Vest-Berlin. I 1983 vart Skard tildelt Norsk kulturråds ærespris. I 1983 fekk han Melsom-prisen. I 1992 fekk han heidersprisen under utdelinga av Brageprisen.
Verk UtvalEi fullstendig opplisting finst på barum.folkebibl.no Sakprosa Norsk Ordbok. Historie, plan, arbeidsskipnad. 1932 A.O.Vinje og antikken. 1938 The Voice of Norway. (Med Halvdan Koht) 1944 The Use of Color in literature. 1946 Til Marcus Thranes Idéhistorie. 1949 Amerikanske problem. 1949 American Studies in Europe. I-II 1958 The American Myth and the European Mind. 1961 Dåd og dikt. Essays i utval. 1963 Målstrid og massekultur. 1963. Med eit tillegg tjue år etter. 1985 Det levande ordet. Ei bok om Mathias Skard. 1972 Femti glade år. Tale ved ein fest 29. mai 1972, i samband med at Sigmund Skard slutta som formann i Det Norske Samlaget. 1972 Andlet til andlet. Nordiske portrett. 1974 Ein arv til å gøyma. Talar. 1974 USA i norsk historie. 1976 The United States in Norwegian History. 1976 Trans-atlantica. Memoirs of a Norwegian Americanist. 1978 Classical Tradition in Norway. 1980 Solregn. Ein sjølvbiografi. 1980 Mennesket Halvdan Koht. 1982 Vandringar. 1983 Menneske vi møtte. (Saman med Åse Gruda Skard). 1985 Karen Grude Koht. Drag av ein kvinnelagnad. 1987 Norsk utefront i USA 1940-45, 1987 Nynorsk klassikarbibliotek. Ei bokliste. 1988 Alders år. Ei minnebok. 1989
Gjendiktingar og omsetjingar
Under nye stjerner. Amerikansk lyrikk gjennom 300 år, utvald og omsett, 1960, så 1979 Petrarca: Sonettar til Laura, 1962 Vagantviser, 1964 Dante: Den guddomlege komedien, omsetjing og utval frå italiensk ved Henrik Rytter og Sigmund Skard, 1965 Franske dikt, 1967 Framande dikt frå fire tusen år, red. ogm omsett av Hartvig Kiran, Sigmund Skard, Halldis Moren Veaas m.fl., 1968 Emily Dickenson (med Inger Hagerup), 9177
Dikt
For Norge. 1942 Vestanfor havet. 1946 Lang vår. 1946 Sola går mot vest. 1948 Haustraun. 1966 Poppel ved flyplass. 1970 Dikt i utval. 1973 Auga og hjarta. 1973 Ord mot mørkret. 1976 Skymingssong. 1979 Blomster og brød. Dikt om kjærleik. 1983 Atterklang. 1987 Dikt i utval, andreutgåva. 1992
Anna Det Norske Samlaget har frå 1995 delt ut Sigmund Skard-stipendet
Kjelder
Bakgrunnsstoff Bærum.folkebibl.no Gulliksen, Øyvind. Sigmund Skard: amerikanist på nynorsk. Mål og makt 23/4, s. 23–41.
Kategori:Forfattarar frå 1900-talet Kategori:Norske forfattarar Kategori:Norske lyrikarar Kategori:Folk frå Kristiansand Kategori:Vinnarar av Norsk kulturråds ærespris Kategori:Professorar ved Universitetet i Oslo Kategori:Norske litteraturprofessorar Kategori:Vinnarar av Brageprisen Kategori:Vinnarar av Gyldendals legat Kategori:Vinnarar av Melsom-prisen Kategori:Vinnarar av Bastianprisen Kategori:Nynorskforfattarar