Cupfinalen i fotball 2008 var den 103. finalen i rekka av norske meisterskap i fotball for menn. Finalekampen vart spelt sundag 9. november på Ullevaal stadion i Oslo framfor 24 823 tilskodarar. Vålerenga Idrettsforening vart norsk meister etter å ha skåra 4 mål mot Stabæk Idrætsforening sitt eine mål. Det var fjerde gongen Oslo-klubben vann NM-finalen.

Kampen Ein halvtime ut i kampen fekk Mohammed Abdellaoue eit innlegg som han sikkert sette i Stabæk-målet. I det 51. minutt, etter innkast, auka Daniel Fredheim Holm til 2-0 då han skalla ein stuss vidare i nettmauskane. Allereie fire minutt seinare spelte Holm fri Abdellaoue, som la på til 3-0. Svenske Johan Andersson reduserte leiinga i det 71. minutt. Omgåande vart Holm spelt fri og svarte med å plassere ballen i det tome målet og slik fastsetje kampresultatet til 4-1. Svein Oddvar Moen frå () dømde NM-finalen.

Laga Vålerenga sitt vinnarlag bestod av målvakta Troy Perkins, Freddy dos Santos, André Muri, Kjetil Wæhler, Allan Jepsen, Morten Berre, Martin Andresen, Kristofer Hæstad, Lars Iver Strand, Daniel Fredheim Holm og Mohammed Abdellaoue. På tampen av kampen fekk, etter tur, Erik Hagen, Harmeet Singh og målvakta Øyvind Bolthof vere med på triumfen.

Stabæk stilte med Jon Knudsen, Christian Keller, Morten Skjønsberg, Niklas Sandberg, Jon Inge Høiland, Johan Andersson, Pontus Farnerud, Henning Hauger, Alanzinho, Veigar Páll Gunnarsson, Daniel Nannskog.

Kjelder Dagsavisen 10. november 2008

Kategori:NM i fotball Kategori:Sport i Noreg i 2008 Kategori:Idrettstilskipingar i Oslo