alt=|mini|Den amerikanske fyrstedama Pat Nixon vitjar pandaer i Beijing dyrepark i februar 1972.
Pandadiplomati er eit omgrep som viser til Kina sin strategi om å bruka pandaer som ein utanrikspolitisk reiskap, som tilbyr pandaer til andre land som gåver, og seinare som lån. Denne strategien strekkjer seg attende til Tang-dynastiet, då keisarinne Wu Zetian sende eit par pandaer til den japanske keisaren Tenmu i 685. Nemninga «pandadiplomati» vart laga under den kalde krigen. I 2016 var det 46 pandaer som vart lånte ut av Kina, fordelt mellom 11 land.
Pandaer i kinesisk politikk Gåve Mellom 1957 og 1983 vart 24 pandaer sende frå Kina til 9 ulike land som gest for vennskapen. Blant dei landa som fekk var Sovjetunionen, Nord-Korea, USA og Storbritannia. Då den amerikanske presidenten Richard Nixon vitja Kina i 1972, lovde Mao Zedong å senda to pandaer til ein dyrepark i USA. I byte gav Nixon to moskusfe til kinesarane.
Då pandaene, Ling-Ling (hokjønn) og Hsing-Hsing (hankjønn), landa på amerikansk jord i april 1972, vart dei gjevne til Smithsonian's National Zoological Park i Washington av fyrstedama Pat Nixon. Over 20 000 menneske vitja pandaene den fyrste dagen dei var i parken, og det er rekna at 1,1 million menneske vitja pandaene det fyrste året dei var i USA.
mini|Mei Xiang, ein panda som er i ein amerikansk dyrepark.
Pandaene vart svært populære, og for Kina vart det sett på som ein enorm diplomatisk suksess, og samstundes demonstrerte den kinesiske viljen til å etablera offisielle band med USA. Populæriteten til pandaene førte til at den britiske statsministeren Edward Heath lurte på om Storbritannia også kunne få pandaer under ei vitjing i Kina i 1974. To pandaer – Chia-Chia og Ching-Ching – vart tilbode av kinesarane, og enda opp i nokre veker seinare. Pandaene som vart gjevne til Storbritannia ville seinare verta inspirasjonen til World Wildlife Fund-logoen.
Utlån I 1984 vart pandapolitikken endra av den kinesiske leiaren Deng Xiaoping, og dyra vart ikkje lenger gjevne, men lånte ut. Same år under sommar-OL 1984 gav Kina byen Los Angeles to pandaer med ein leigepris på 50 000 dollar per månad per panda. Denne praksisen vart endra igjen i 1991, då dei i staden for gjekk over til langsiktige lån, med minstetid på ti år. Leigeavtala inkluderer ei avgift på opptil ein million dollar, og at ungar fødde under lånet er eigde av Kina.
Etter jordskjelvet i Wenchuan i 2008 vart fleire anlegg øydelagde, noko som førte til at 60 pandaer trengde nye bustader. Dei fleste vart lånte ut til nasjonar som Kina hadde handelsavtaler med, eller til land som gav Kina ressursar, slik som uranium.
Den 16. april 2014 ville Kina sende eit par pandaer kalla Fu Wa og Feng Yi til Malaysia for å markera 40 år med diplomatiske band mellom dei to landa. Forsendinga vart utsett på grunn av tragedien med Malaysia Airlines 370 flyginga, og pandaene kom til Kuala Lumpur Internasjonale lufthamn 21. mai 2014, og vart overførte til den nasjonale dyreparken i Malaysia.
To pandaer med namna Cai Tao og Hu Chun kom til Jakarta i 2017 for å vera plassert i Taman Safari i , som ein del av markeringa av 60 år med høve mellom Kina og Indonesia. I 2018 fekk Finland lov til å ta vare på to pandaer i byte mot å støtta eitt-Kina-politikken. Den 5. juni 2019 gav Xi Jinping to pandaer til dyreparken i Moskva på ei offisielt vitjing i Russland. Den russiske presidenten Vladimir Putin skildra gesten som «eit teikn på tillit og respekt mellom dei to landa». Pandaene, Ru Yi (ein to år gammal hann) og Ding Ding (ei eit år gammal ho), vert verande i Moskva sin zoologiske hage i 15 år.
Kostnad mini|Pandaer som et bambus.
Det er dyrt å stella med pandaer. Forutan kostnadane som er knytt til leigeavtala, er det òg store kostnader med å få tak i nok bambus som gjerne ikkje veks naturleg fleire stader i verda. Ein panda brukar berre frisk bambus, og et meir enn 20 kg kvar dag. Slike faktorar fører til at pandaen er det dyraste dyret å stella med i ein dyrepark, og kostar rundt fem gonger meir enn ein elefant. Til dømes betalte dyreparken i Edinburgh 600 000 pund kvart år i leige og 70 000 pund per månad for å fôra dei to pandaene sine. Dette førte til at dyreparken bad om donasjonar av bambus.
Under koronapandemien vart det vanskelegare å få planta, på grunn av redusert tal fly. Dermed valte dyreparken i Calgary å gjeva tilbake pandaene før lånet var ferdig.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Diplomacia do panda» frå , den 13. oktober 2025.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Utanrikspolitikk Kategori:Diplomati