Aure kyrkje, som står i Aure sentrum i Aure kommune på Nordmøre i Møre og Romsdal fylke, er soknekyrkje i Aure sokn.
Staden der ho står har vore kyrkjestad sidan 900-talet. For å skaffa pengar i statskassa selde danskekongen den gamle stavkyrkja, Sankta Maria-kyrkja frå mellomalderen, til rådmann Lorents Holst i Trondheim i 1726. Holst reiv kyrkja og bygde ei ny krosskyrkje, lafta av tømmer frå Aurdalen. Nykyrkja vart teken i bruk i 1727. I 1923 brann denne kyrkja opp etter eit lynnedslag. Somt inventar vart berga, mellom anna eit altarskåp frå kring 1460. Det er eit Maria-skåp laga i Flanderen.Redaktør: Alf Henry Rasmussen – Våre kirker : norsk kirkeleksikon. Vanebo Forlag, Kirkenær 1993. ISBN 82-7527-022-7 - «Aure kirke», s. 283
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Om Aure kyrkje på nettstaden til Den norske kyrkja
Kategori:Kyrkjer i Aure Kategori:Kyrkjer i Ytre Nordmøre prosti Kategori:Krosskyrkjer i Noreg Kategori:Norske kyrkjer frå 1924 Kategori:Nils Ryjord Kategori:Kulturminne i Aure