Smalnebbmåse (Chroicocephalus genei) er ein liten måseart som hekkar svært spreitt kring Middelhavet, aust til Kasakhstan og Pakistan og i sørvest til Vest-Afrika. Dei fleste fuglane er delvis trekkfuglar og overvintrar ved kystar. Nokre få individ blir observerte i Vest-Europa.
Slektsnamnet Chroicocephalus kjem frå gresk khroizo «fargelegge» og kephalē «hovud». Artsnamnet genei heidrar den italienske naturforskaren Giuseppe Gené.
Skildring
Smalnebbmåsen er 37–42 cm lang og har eit vengespenn på 90–102 cm. Arten er dermed litt større enn hettemåse (Chroicocephalus ridibundus), som han liknar, men smalnebbmåsen manglar den mørke hetta om sommaren. Oversida er lys grå, hovudet og brystet kvite, og vengespissane svarte.
Nebbet er mørk raudt og smalt, med ei karakteristisk, langstrakt form som gjev fuglen eit «spisst» preg. Han verkar òg langhalsa. Føtene er mørk raude, og auget har gul iris. Om sommaren kan brystet og buken få eit svakt rosaskjær.
Ungfuglar i første leveåret har eit mørkt endeband på stjerten og mørke felt på vengene. Arten blir kjønnsmoden etter to år, som dei fleste måseartar.
Utbreiing og leveområde
Smalnebbmåsen hekkar i lagunar og innsjøar kring Middelhavet, og i liknande område spreitt austover gjennom svartehavsregionen, Anatolia og Midtausten til austlege Kasakhstan, Afghanistan, Pakistan og marginalt inn i tilgrensande India. Dessutan i Vest-Afrika sør til isolerte koloniar i Mauritania og Senegal.
I Afrika, Spania, ved Persiabukta og i Pakistan er arten ein delvis trekkfugl og overvintrar langs kysten, særleg i elvedelta, havbukter og estuar, og oppsøkjer òg våtmarker og grasland for å finne føde. Populasjonane inne i Sentral-Asia trekker sør mot kystområde.
Arten står ikkje på Norgeslisten per 2025, noko som indikerer at det ikkje finst godkjente observasjonar av smalnebbmåsen i Noreg.
Åtferd
Om lag halvparten av føda til smalnebbmåsen består av fisk. Han flyg lågt over vassflata og stuper ned når han ser bytte. I tillegg leitar han etter virvellause dyr i mudderet og fangar insekt i lufta.
Arten hekkar i koloniar, vanlegvis på bakken, der han lagar eit grunt reir kledd med nokre fjør og litt vegetasjon. Hoa legg opp til tre lyse egg med mørkebrune flekker. Ruginga varer i om lag 25 dagar, og ungane blir flygedyktige etter nye 25 dagar.
Som dei fleste måsar er arten sosial om vinteren, både under næringssøk og når han samlast til kvile om kvelden. Smalnebbmåsen er ikkje pelagisk, og blir sjeldan sett langt frå land.
Status
Storleiken på den globale populasjonen blei estimert til 310 000–380 000 individ per 2015. Verdas naturvernunion har klassifisert arten som livskraftig, LC.
Kjelder
Denne artikkelen byggjer dels på «Slender-billed gull» frå , den 15. oktober 2025
Referansar
Bakgrunnsstoff
Kategori:Måsefamilien Kategori:Fuglar i den palearktiske regionen