Øvre Pasvik er ein norsk nasjonalpark. Nasjonalparken ligg i Sør-Varanger kommune i Finnmark og har den største urskogen på nordkalotten. Nasjonalparken vart oppretta i 1970 og utvida i 2003.
Det nordsamiske namnet Báhčaveaji Álbmotmeahcci er òg eit offisielt namn på nasjonalparken.
Vern og bruk Formålet med vernet er å sikre eit stort, samanhengande barskogområde nært fritt for tekniske inngrep, og å sikre biologisk mangfald med økosystem, artar og bestandar.
Naturgrunnlaget innanfor nasjonalparken er viktig for samisk kultur og næring. Området skal kunne brukast til reindrift, naturoppleving og tradisjonelt og enkelt friluftsliv med liten grad av teknisk tilrettelegging.
Sjå også Øvre Pasvik landskapsvernområde
Bakgrunnsstoff Verneforskrifta Direktoratet for naturforvalting, informasjon om Øvre Pasvik nasjonalpark. PDF-kart
Kategori:Nasjonalparkar i Noreg Kategori:Geografi i Sør-Varanger Kategori:Verneområde i Finnmark Kategori:Verneområde oppretta i 1970 Kategori:Den norsk-finske riksgrensa