Peter Wilkinson Howitt () er ein kanadisk økonom og Lyn Crost-professor emeritus i samfunnsvitskap ved Brown University. Han er best kjend for samarbeidet sitt med Philippe Aghion om endogen vekstteori og omgrepet «skapande øydelegging» i moderne makroøkonomi. I 2025 fekk Howitt, Aghion og Joel Mokyr saman Sveriges Riksbanks pris i økonomisk vitskap til minne om Alfred Nobel «for teorien om vedvarande vekst gjennom skapande øydelegging». Bakgrunn Howitt vart fødd i Guelph, Ontario, i 1946. Han tok bachelorgrad i økonomi ved McGill University i 1968, mastergrad ved University of Western Ontario i 1969, og doktorgrad ved Northwestern University i 1973, under rettleiing av Robert W. Clower.

Akademisk karriere Etter doktorgraden vende Howitt tilbake til Canada og underviste ved University of Western Ontario frå 1972 til 1996. Han vart tilsett ved Ohio State University i 1996 og gjekk til Brown University i 2000, der han har vore sidan. Sidan 2013 har han hatt tittelen professor emeritus ved Brown University.

I tillegg til universitetsarbeidet har han hatt eit langt samarbeid med C. D. Howe Institute, ein partipolitisk uavhengig tankesmie med base i Toronto, Canada. Howitt byrja å publisere økonomiske policyrapportar gjennom instituttet i 1986 og var «fellow-in-residence» der frå 2011 til 2015.

Howitt var president i Canadian Economics Association i 1993–1994 og redaktør for Journal of Money, Credit, and Banking i perioden 1997–2000.

Heider og prisar Howitt vart vald inn som medlem av Royal Society of Canada i 1992 og av Econometric Society i 1994. I 2019 fekk han og Aghion BBVA Foundation Frontiers of Knowledge Award i økonomi, finans og leiing.

I 2025 vart Howitt og Aghion tildelt halve Sveriges Riksbanks pris i ekonomisk vetenskap till Alfred Nobels minne «for å ha forklart innovasjonsdrevet økonomisk vekst». Den andre halvdelen av prisen vart tildelt Joel Mokyr.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Peter Howitt» frå , den 28. oktober 2025.

Kategori:Kanadiske økonomar Kategori:Nobelprisen i økonomi Kategori:Kanadiske nobelprisvinnarar