Tommeliten på ikornrygg ( …«ekornrygg») er ei biletbok frå 1966 med tekst av Halvor Floden og illustrasjonar av Unni-Lise Jonsmoen. Boka bygde på eit eventyrspel/høyrespel som Floden hadde skrive for radio. Bakgrunn Da boka kom ut, hadde Floden (1884–1956) vore daud i fleire år; dette vart den eineste av hans tekster som fikk nytt liv som biletbok etter at han var borte. Jonsmoen har utdanning frå Statens håndverk- og kunstindustriskole 1953–1957, og hadde illustert fleire bøker før denne. Boka var ei av dei to første biletbøkene som fikk produksjonsstønad frå Norsk kulturråd.
Boka bygde på eit «eventyrspel»/høyrespel som Floden hadde skrive for Skolekringkastinga i radio. Forteljinga vart første gong sendt i NRK laurdag 28.1.1950. Ho gjekk i reprise i 1955, 1956, 1959, 1963 og 1966. I programheftet til Skolekringkastinga i 1959 hadde Kjell Aukrust lage ei teikning av Tommeliten og ekornet.
Innhald Slik det er vanleg hos Floden, er handlinga lagt til ei austnorsk skogbygd. Det er tre stemmer i forteljinga: Forteljaren, Tommeliten og Mora. Tommeliten blir presentert av forteljaren som «ein smågut, men han er liten som ein finger, og somtid enda mykje mindre, Eg veit om ein gong han kraup inn i ulla på eit ikorn.» Handlinga i boka blir gjenfortalt av Tommeliten til mora, og det er Tommeliten som har ordet det meste av tida.
Tommeliten fortel om opplevingane frå fire turar/besøk han var saman med eit ekorn og ekornfamilen. I den første handlinga er Tommeliten med medan ekornet hopper mellom trea, og må rømme frå ein mår. I Tommeliten si forteljing kan han og ekornet snakke saman. I den andre handlinga, som blir kort attfortalt, var Tommeliten med på å bygge eit ekornhus tidleg på våren. I den tredje handlinga fekk han møte dei nyfødde ekornungane og bu saman med dei ein dag og ei natt. I den fjerde handlinga, fleire veker seinare, var Tommeliten med medan ekonungane lærer å gå, klatre og finne mat.
Boka blir avslutta med ei formaning om god oppførsel mot dyra. Dette er et gjennomgåande tema hos Floden: samanhengane i naturen, og respekten for skogen og dyra.
Illustrasjonane til Jonsmoen er i trefargetrykk, svart/kvitt, natteblått, brun pels og trestammar, og grøne grantrær. Jo Tenfjord skreiv at «… plantefargenes regnbuespenn har satt spor etter seg. Her er dust blått og brunt og grønt på let som mose.» Omtale Sonja Hagemann meldte boka i Dagbladet og roste boka for fleire forhold: «trygg og vennlig tone», levende, stemningsfull, eleganse og humor. Knut Hermundstad skreiv varmt om boka i Valdres, og var ein av fleire som peika på at høyrespelforma gjorde boka eigna til framføring i skoleklasser. Aftenposten nemnte boka raskt som «nydelig».
Jo Tenfjord skreiv om boka i Norsk skoleblad. Ho trakk fram Flodens «livfulle, endeframme og likevel nyanserte språk», og Jonsmoens teikninger: «Illustrasjonene er ikke så naturalistiske … det er mer ekornets vesen enn dets utseende som er avbildet.» Magnus B. Ranheim skreiv seinare i det same bladet at «teikningane er dekorative og kraftfulle», han roser korleis teikningane syner fram fart, rytme og krafta i ikornspranget.
Bodil Roald oppsummerte boka kort i Morgenbladet som ei «ganske søt, litt kjedelig, 'moralsk' fortelling». I ei anonym bokmelding som sto i fleire aviser vart Tommelitens ritt på ekornet samanlikna med Peer Gynts bukkeritt. Meldaren i Gula Tidend var svært misnøgd med at høyrespel-forma frå radioversjonen ikkje var omarbeidd til ei forteljing.
Boka i ettertid Boka fekk Kyrkje- og undervisningsdepartementets illustrasjonspris for barnebøker i 1966. Boka vart også trekt fram under utdelinga av Bokkunstprisen.
Boka vart omsett til nordsamisk i 1968.Dumásaš oarri čielgi al'de; Ovttas, samisk læremiddelportal
Referansar
Kategori:Norsk barnelitteratur Kategori:Bøker frå 1966