mini|Spinnehjul, arkeologisk funn frå Aust-Agder. Tilhøyrer Kuben i Arendal. mini|Spinnehjul av kvarts frå Västergötland i Sverige. Hjo 6568 mini|Arkeologisk funn med spinnehjul frå Reykjavik på Island. Spinnehjul er svinghjulet på ein handtein, ein enkelt handreiskap for spinning av tråd. Handteinen med spinnehjul har vore brukt i Noreg sidan jernalderen, og reiskapen var i bruk til 1800-talet. Han har stor geografisk utbreiing.

Reiskapen fungerer best om svinghjulet er laga av tungt materiale, som stein, metall, bein, horn eller eit tungt slag trevirke.

Spinnehjul av stein held seg godt over tid, og utgjer ei stor gruppe arkeologiske funn, m.a. i kvinnegraver. Sjølve teinen var laga av tre, og er derfor sjeldan bevart.

Eit spinnehjul av kleberstein er del av funna på L'Anse aux Meadows på Newfoundland frå den norrøne busetjinga der.

Det norrøne namnet på spinnehjul er snúðr. Det ordet blir framleis nytta på islandsk, medan norske dialektord for reiskapen er rennel, snåld eller snellehjul.

Sjå òg

Handtein Handrokk Spinnerokk

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Spinnehjul» frå , den 17. november 2025.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Verktøy Kategori:Spinning Kategori:Arkeologi