høgre|mini|Junkanoo i Bahamas i 1988. Junkanoo er ein karibisk gateparade av afrikansk opphav med musikk, dans og fargeglade klede som blir halden på fleire øyar i Karibia. Han er særleg assosiert med Bahamas.https://www.bahamas.gov.bs/wps/wcm/connect/MOF_Content/internet/The+Government/Residents/Culture/Junkanoo/https://www.bbc.com/travel/article/20210818-the-bahamas-queen-of-junkanoo Her blir junkanoo tradisjonelt feira den 26. desember og 1. januar kvart år. Under paraden marsjerer ein og dansar til trommer, fløyter og kubjøller.
Paraden har opphav blant slavar av vestafrikansk opphav som kom til Karibia og austlege USA og fekk høve til å feira nokre få høgtider, då dei kunne kle seg ut og dansa.
Junkanoo-paraden blir avbilda i Bond-filmen Operasjon Tordensky frå 1965, som i stor del føregår i Nassau. Paraden gjev James Bond ein sjanse til å rømma frå fangenskap.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Junkanoo» frå , den 1. desember 2025.
Kategori:Karibisk kultur