«Poison Cake» er ein song av den bosnisk-kroatiske singer-songwriteren Marko Bošnjak. Songen, som blir skildra som ei historie om hemn og det å stå opp for seg sjølv, blei gjeven ut 10. januar 2025 gjennom Aquarius Records. Han blei skriven av Bošnjak i samarbeid med Bas Wissink, Ben Pyne, Emma Gale og Filip Majdak. Songen var det kroatiske bidraget i Eurovision Song Contest 2025.

Bakgrunn Bošnjak mottok ein «grovdemo» av «Poison Cake» frå Emma Gale, Ben Pyne og Bas Wissink, som uttrykte at dei «verkeleg ønskte [at Bošnjak] skulle sende inn [songen] til Dora». Teksten var skriven av britiske Gale og irske Pyne, mens produksjonen blei handtert av nederlandske Wissink. Bošnjak uttala at «i motsetnad til anna materiale [han] blei sendt for Dora, trefte denne verkeleg ein nerve». Han ferdigstilte songen saman med den kroatiske produsenten Filip Majdak frå Dugave. Duoen ønskte at låten skulle høyrast «katartisk og vill ut, og ikkje nødvendigvis lineær». Bošnjak krediterte Majdak for inspirasjonen frå i songen, og avslørte at han til og med ønskte at Majdak skulle skrike på låten.

Bošnjak skildra arbeidet med songen som «revolusjonerande for han personleg». Det hadde forvandla han både som artist og menneske, og frigjort han frå forventningane om at han berre kunne lage emosjonelle balkanske balladar. Han kalla det sitt «Hannah Montana blei Miley Cyrus»-augeblink.

Komposisjon Inspirert av eventyr som Snøkvit og , i tillegg til filmen , blir songen skildra som ei historie om hemn og det å stå opp for seg sjølv. Han blir vidare skildra som ein låt fylt med «hemngjerrige kjensler, sinne og eit ønske om rettferd, fortalt gjennom ein kraftig metafor om å fråta makta frå dei som har misbrukt sin posisjon».

Bošnjak uttala at «Poison Cake» er noko heilt nytt for han, og la til: «Songen er energisk og handlar om noko heilt uventa frå meg som musikar. Eg synast songen har ei flerdimensjonal tyding, og at alle kan kjenne seg igjen i han og tolke han på sin eigen måte.» Eurovision-nettstaden skildra låten som ei blanding av «pop, garage, opera og mørke industrielle beats».

Utgjeving Den 5. desember 2024 blei deltakarlista for Dora 2025 offentleggjord, og stadfesta Bošnjak sin deltaking med «Poison Cake». Bošnjak hadde tidligere deltatt i Dora 2022 med «Moli za nas», der han enda på andreplass bak Mia Dimšić med «Guilty Pleasure». Som ein openlys Eurovision-fan og tydeleg om sitt ønske om å vinne Dora, blei han raskt ein av favorittane. Den 10. januar 2025 blei alle Dora-bidraga slopne, inkludert «Poison Cake». Den 31. mars 2025 gav Bošnjak ut ein akustisk versjon av songen.

Mottaking Under eit intervju i det kroatiske TV-programmet IN magazin gav songaren og skodespelaren Maja Šuput positive kommentarar om songen. Ho uttala at «Poison Cake» var marginal for ho, men skildra han som «både søt og litt demonisk», og enda opp med å støtte Bošnjak. I eit intervju med den kroatiske nettavisa Index.hr uttrykte den serbiske songaren Milica Pavlović at ho likte songen, sceneframsyninga i Dora 2025 og «måten han går gjennom fleire roller på».

På den andre sida kritiserte Josip Bošnjak, som også skreiv for Index.hr, songen for å «prøve for mykje, utan å lukkast med noko av det». Han skreiv vidare: «Tenk deg å kopiere ‘Bohemian Rhapsody’ ved å bruke strukturen, men fylle han med uinspirerte melodiar og tekster». Eva Frantz frå den finske kringkastaren Yle gav songen karakteren 2/10 og skildra han som «merkeleg og rotete, der søtleik blir blanda med skrekk og pinlegheit».

Etter sigeren i Dora blei Bošnjak mål for omfattande homofobisk hets på nettet, og songen blei skulda for å vere «satanisk».

Musikkvideo Musikkvideoen til «Poison Cake» blei lansert 21. februar 2025. Videoen er ladd med symbolikk: Eit grønt giftstoff som Bošnjak heller over ei kake symboliserer urettferd og byrjinga på ein transformasjon – ein metafor for «alt som er forbode og undertrykt i livet». Ein to meter lang indisk pytonslange symboliserer fare, forandring og frigjering – det motsette av tryggleik og normer, og bringar med seg uunngåeleg endring. Scena med «Ophelia» i vatnet gjev ei kjensle av romantikk og klassiske eventyr, men i ein mørkare og meir forstyrrande versjon. Speglane i videoen speglar «indre konfliktar og søk etter identitet», og skapar ei kjensle av indre kamp – mellom uskuld og mørke ønsker. Til slutt blir det vist eit magisk tre og eple, klare allusjonar til eventyr som Snøkvit. Epla symboliserer «freistingar, men også lønna ein får gjennom hemn», mens det magiske treet gjev ei kjensle av ei mystisk verd der alt kan forvandlast.

Eurovision Song Contest 2025 Dora 2025 Dora 2025 var den nasjonale finalen arrangert av den kroatiske kringkastaren for å velje det kroatiske bidraget til Eurovision Song Contest 2025. Konkurransen bestod av 24 bidrag fordelte på to semifinalar, som blei haldne 27. og 28. februar 2025, og ein finale 2. mars 2025. Finalistane frå kvar semifinale blei utelukkende valde gjennom telefonavrøysting, der dei åtte beste frå kvar semifinale gjekk vidare. Vinnaren av finalen blei vald med en 50/50 kombinasjon av røyster frå ein fagjury og det kroatiske publikummet.

«Poison Cake» blei trekt til å delta i den andre semifinalen og blei kunngjord som ein av dei åtte som kvalifiserte seg. I finalen opptredde songen som nummer 13. Han fekk 83 poeng frå juryen (1. plass) og 47 poeng frå telefonavrøystinga (4. plass). Med ein samla poengsum på 130 poeng vann songen konkurransen og blei dermed det kroatiske bidraget til Eurovision Song Contest 2025.

I Eurovision Song Contest Under trekkinga av semifinalane den 28. januar 2025 blei Kroatia trekt ut til å delta i den fyrste semifinalen, der dei opptredde i den andre halvdelen av showet. I semifinalen enda Kroatia på 12. plass og gjekk dermed ikkje vidare til finalen.

Kommersiell suksess I veka som starta 20. januar 2025 debuterte «Poison Cake» som nummer 31 på HR Top 100, som måler radiospeling av songar gjevne ut av kroatiske plateselskap. Etter sigeren i Dora, i veka som starta 10. mars 2025, nådde songen førsteplassen – i si åttande veke på lista.

Listeplasseringar + Liste (2025) Høgasteplassering Kroatia Domestic Airplay (HR Top 100) 1

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Poison Cake» frå , den 3. desember 2025.

Kategori:Kroatiske Eurovision Song Contest-songar Kategori:Eurovision Song Contest 2025-songar Kategori:Engelskspråklege Eurovision Song Contest-songar Kategori:Songar frå 2025