CFOP-metoden er ein av dei mest vanlege metodane brukt for å løyse ein 3x3x3 Rubiks kube i «speedcubing». Metoden vart oppfunnen av Jessica Friedrich tidleg på 80-talet og vart publisert på internettet i 1997. «CFOP» i CFOP-metoden er eit akronym eller ei forkorting av ordet «Cross» og akronyma «F2L», «OLL» og «PLL» som er dei ulike stadia metoden består av. Forkortinga blir uttala [Sifåp].
Metoden går ut på å fyrst lage eit kryss og løyse dei fyste to laga samstundes (F2L (First 2 Layers)), orientere det øvste laget (OLL (Orientate Last Layer)) og omorganisere det øvste laget i riktig rekkefølgje (PLL (Permutate Last Layer)). Heile metoden består av 119 algoritmar. 41 av dei er for å løyse F2L, 57 er for å løyse OLL og 21 er for å løyse PLL. Det er og mogleg å lære seg det som kallast «ZBLL» og «COLL», for å løyse kuben enda meir effektivt. Når det kjem til F2L så er det 41 algoritmar som er set som standard for denne metoden, men det er mogleg å lære seg fleire hundre andre for å sleppe å rotere på kuba før ein gjer desse 41 algoritmane. Det er også mogleg å løyse F2L intuitivt ved hjelp av eit par enkle reglar. Når det kjem til OLL og PLL så treng ein algoritmar for å løyse desse stega, men det er mogleg å løyse dei ved å gjere eit par bestemte OLL-ar og PLL-ar, der ein følgjer nokon få reglar, for å sleppe å lære alle 78. Dette vil då naturlegvis gå utover effektiviteten på løysinga av kuba.
Sjølve metoden
Inspeksjon
I ein konkurranse får «speedcuber»-ane femten sekund til å inspisere kuben, før h skal løysast så fort som mogleg. Her er det vanleg å tenke seg fram til raskaste måten å lage krysset, og for vidarekomne kanskje og det fyste F2L-paret. Dette er i stor grad noko ein tenkjer seg fram til utan bruk av algoritmar. Mange held seg til at krysset skal lagast på den kvite sida av kuba. Dette tek bort spørsmålet om kor krysset skal lagast og kan og gjere det enklare å kjenne igjen ulike algoritmar vidare i løysinga av kuba. Det er nokon som vel kva farge krysset skal vere der og då. Ein kallar ofte desse «Colour neutral» ellar fargenøytrale.
Cross
Det er vanleg å halde den sida krysset skal lagast på nedover. Dette gjer ein slik at når ein er ferdig med å lage krysset treng ein ikkje å rotere kuba for å fortsette. Det er generelt sett lurt å unngå unødige rotasjonar gjennom heile løysinga. Ein vanleg strategi for nybegynnarar er å plassere dei kvite delane av krysset rundt den gule midtdelen, for så å plassere dei på rett plass rundt den kvite midtdelen. Meir erfarne gjer ikkje dette sidan det tar for lang tid. Det kan vere lurt å passe opp for å ikkje øydelegge enkle F2L-par når ein set saman krysset.
F2L
Når ein skal løyse dei første to laga av kuba samstundes er det 42 unike situasjonar ein kan møte på. Desse kan puggast gjennom algoritmar. I hovudsak så set ein saman dei to delane som høyrer saman, på det øvste laget på kuba, for så å sette dei ned der dei høyrer heime samstundes.
OLL
OLL er kanskje det mest omfattande steget når ein skal lære denne metoden. Her gjeld det å lære seg å kjenne igjen dei 57 ulike situasjonane raskast mogleg og å lære dei algoritmane som samsvarer med situasjonen.
PLL
I PLL gjeld eigentleg det same som med OLL. Det er berre eit par færre algoritmar å lære. PLL-ane blir ofte kalla for ein bokstav pluss ordet «perm», til dømes «A-perm». Når ein er ferdig med dette steget er kuba løyst.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «CFOP method» frå , den 5. desember 2025.
Kategori:Rubiks kube