mini|Eggnog med kanel. mini|Glas og kartong med eggnog. Eggnog eller eggetoddy er ein amerikansk juledrikk laga av egg blanda med melis, mjølk og tilsett alkohol (rom/whisky) og muskat. Han blei innført til Amerika i 1839.

Historie Drikken har røter til 1300-talet, då britiske munkar drakk ein varm mjølkedrikk med egg, sherry og fiken.A Brief History of Eggnog Time magazine Den fyrste bruken av ordet «nog» er frå 1693, men ordet viste då til ein sterk øltype. «Eggnog» kan ha vore eit amerikansk ord som oppstod kring 1765–75.

Det eldste dokumenterte døme på «eggnog» stammar frå 1775, då ein prest og filolog i Maryland, Jonathan Boucher, skreiv eit dikt om drikken: «Fog-drams i' th' morn, or (better still) egg-nogg, / At night hot-suppings, and at mid-day, grogg, / My palate can regale.» Verset til Boucher blei fyrst gjeve ut 30 år etter at han var død, slik at ordet fyrst opptredde i trykk i 1788, i New-Jersey Journal. Ei ordbok frå 1869 definerer «eggnog» som ei blanding av vin, sprit, egg og sukker, utan å nemna nokon mjølkeprodukt.The Universal English Dictionary: Comprising the Etymology, Definition, and Pronunciation of All Known Words in the Language, as Well as Technical Terms Used in Art, Science, Literature, Commerce, and Law. George Routledge and Sons. John Craig, P. Austin Nuttall, 1869. s. 82

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Eggnog» frå , den 14. desember 2025.

Kategori:Julemat Kategori:Alkoholdrikkar Kategori:Engelske ord og uttrykk Kategori:Britisk mat