June Cecilie Krogh () er ein norsk handballspelar frå Son i Akershus. Ho er målvakt og vart verdsmeister med Noregs kvinnelandslag under Handball-VM 2025.

Krogh spelte på Follo HK sitt lag på vekselvis nivå 2 og 1 i tida 2020–2024. Hausten 2024 fekk ho kontrakt med Storhamar IL, eit lag ho vart både noregsmeister og seriemeister i 2024/25-sesongen.

Krogh debuterte på det norske landslaget 6. mars 2025 i ein bortekamp mot Danmark. Ho var med i den norske troppa som gjekk til topps i Handball-VM 2025, men deltok berre i dei to fyrste kampane. Ved utgangen av 2025 har ho vore på bana i 12 av Noregs landkampar.

Kjelder June Krogh i handball.no

Kategori:Norske handballspelarar Kategori:Verdsmeistrar i handball Kategori:Folk frå Vestby